I Ulvik har valet vore enkelt, opplagt ý og rimeleg, tør ein leggje til. Kronprins Haakon skal nemleg få eit festivalarmband i gåve. Dermed kan han gå gratis på poesifestivalen i Ulvik 19.-22. september i år.

— Kronprins Haakon jo er ein gamal festivalryttar, og det er viktig og naturleg for bygda å fokusere på Olav H. Hauges forfattarskap og Hauge-bautaen, seier kultursjef og festivalsjef i Ulvik, Espen Eide, til BT.

Derfor får også kronprinsesse Mette-Marit overrekt både cd og bok med dikt av diktarhøvdingen frå Hardanger.

Etne har ei stolt fortid. Kong Magnus Erlingsson hadde hovedsete i bygda i 1161, og i gåve frå kommunen får kronprinsparet eit måleri av Etne-kongen, laga av Nerdrum-eleven Bjørnar Holm Andreassen.

— Men me ønskjer også å gje dei ei meir personleg gåve, fortel ordførar Amund Enge. - Derfor får dei kvar sin Etne-gensar, strikka av husflidslaget i bygda. Det er ikkje noko alle går rundt i!

Kvam herad har falt ned på ein porselensvase, laga av Anne Stina Næss.

— Kunstnaren brukar eigne teknikkar, og er nyetablert i distriktet. Derfor tykte vi det ville vere spennande å velje eit arbeid av henne, fortel ordførar Martin Vik.

Vossingane har tenkt tradisjonelt. Av dei får paret ein kløvhest, laga av kunstnaren Arne Mørkve.

Ullensvang gir boka «Kunstnaren og mennesket Dagfinn Instanes», utgitt av mållaget. I Odda får paret eit smykkeskrin i tre, som kronprinsessa kan ha i sølvbeltet til hardangerbunaden sin.

— Vi er spende på om kronprinsessa kjem til å bruke bunaden ho fekk til bryllaupet, sier Odda-ordfører Toralv Mikkelsen.