Klikk her og tips BT om forskjellsbehandling i rettsvesenet!

Forholdet dei to gjorde seg skuldig i, var aldeles like. Men der politiet ville gje Miguel José 18 dagars fengsel og 9000 kroner i bot, lét dei den rike advokaten sleppe med forenkla førelegg.

Identiske saker

Da den 37-årige jernbindaren av chilensk opphav vart knipsa av fotoboksen i Lærdalstunnelen i 126 km/t, førte politiet saka inn for Indre Sogn tingrett med krav om fengsel i 18 dagar og 9000 kroner i bot. Dommen vart 14 dagar på vilkår og 8000 i bot.

Da ein advokat vart tatt på same måte, i same fart, i same tunnel nokre månader tidlegare, valde politiet å løyse saka med eit forenkla førelegg på 6000 kroner. Advokaten vart ikkje eingong sikta for den grove fartsovertredinga, og fekk dessutan behalde førarkortet.

Heilt til sorenskrivar Steinar Velle i Indre Sogn reagerte på den soleklare forskjellsbehandlinga.

Det var i dommen mot den tidlegare ustraffa Miguel José Zapata Farlora at sorenskrivaren tok med den oppsiktsvekkande passusen.

Her skriv Velle at «Retten er kjend med at politiet i ei heilt identisk sak (126 km/t i Lærdalstunnelen — automatisk trafikkontroll) ikkje fremja saka for retten, men avgjorde saka med eit førelegg. Sjølv om det skulle vere så at politiet ikkje praktiserer lova likt i alle høve, må retten likevel handsama like saker likt. Særleg i trafikksaker ser retten det som viktig for tilliten til rettsstellet at like saker vert handsama likt».

Same dag som Velle signerte dommen i november i fjor, sendte han Statsadvokaten eit brev der han peikte på forskjellsbehandlinga.

- Har tillit

Først etter denne klaga vart advokaten, som ifølgje Sogn Avis har millioninntekt, fråteken førarkortet. Og svar frå påtalemakta fekk Velle først etter fleire purringar.

Dette svaret er unnateke offentlegheit, men politiet har forklart at saka vart skyvd vekk på grunn av andre oppgåver som var meir presserande.

Ifølgje jurist Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt vart saka mot advokaten handsama av Sunnmøre politidistrikt. Han seier til Sogn avis at han sjølv berre hadde ansvaret for å inndra advokatens førarkort, og kun kan kommentere denne delen av saka.

Overfor avisa må han berre beklage at det tok lenger tid enn det burde, noko som kan skje frå tid til anna. Og sidan det gjekk så lang tid, vart inndragingstida også korta med, fortel Iden til avisa, og legg til:

— Dersom nokon trur at denne advokaten fekk ei mildare behandling på grunn av stillinga si, så er dei på ville vegar.

Politimeister Kjell Ese i Sogn og Fjordane kjenner ikkje detaljane i dei to sakene, og vegrar seg for å kommentere dei konkret.

— Men sjølvsagt er det slik at politiet ikkje skal forskjellsbehandle folk. Både Salomo og Jørgen Hattemaker skal behandlast likt dersom forholda elles er like, seier Ese til Bergens Tidende.

— Trur du tilliten til politiet blir svekka når slike saker blir avdekka?

— Eg trur at folk har generelt god tillit til politiet. Det viser alle undersøkingar, seier Ese.

MÅTTE LEVERE LAPPEN: I sju månader har Miguel José vore utan førarkort, etter at han vart knipsa av fotoboksen i Lærdalstunnelen. Ein rik advokat slapp langt lettare unna med ei identisk fartsoverskriding.
Foto: Jens Hauge