TERJE ULVEDAL IRINA LEE

Politiet stengde tunnelen etter eit trafikkuhell. Men fleire gav blaffen i det raude lyset som varsla om at den 24 kilometer lange tunnelen var stengd.

Politiet ser svært alvorleg på det som hende.

— Hadde det vore brann eller gasslekkasje, ville dei sett både seg sjølve og andre i stor fare. Det bør dei tenkje gjennom sjølve. Desse lysa er trass alt ikkje sett opp for moro skuld, seier lensmann Kjell Nordgulen.

Slepp straff

Vegvesenet overvakar trafikken i verdas lengste vegtunnel, og ved vaktsentralen i Lærdal observerte dei bilar som køyrde inn då raudlyset var på.

— Men vi har ikkje lov til å bruke dette materialet som bevis i ei straffesak, opplyser lensmannen til Bergens Tidende.

Dei to tenestemennene som rykte ut måtte konsentrere seg om ulukka, og hadde ikkje kapasitet til å stoppe bilar som køyrde forbi. Konsekvensen er at alle som køyrde mot raudt lys, truleg slepp straff.

Det var like før midnatt at ein personbil køyrde i fjellveggen inne i tunnelen.

— Mannen køyrde først inn i eine tunnelveggen. Bilen blei deretter slengd over i fjellveggen på motsett side, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide til Bergens Tidende.

Bremsa for fotoboks

Føraren, ein 21 år gammal mann, har truleg hatt stor fart. Då han kom 2,5 kilometer inn frå aurlandssida oppdaga han den første fotoboksen. For å få redusert farten har han trakka så hardt på bremsepedalen at han mista kontrollen. Då politiet kom til staden såg dei lange bremsespor i framkant av fotoboksen.

— Det er vanskeleg å seie noko om kor stor farten har vore, men lengda på bremsespora indikerer relativt høg fart, seier lensmann Nordgulen.

Politiet stengde tunnelen i kring tre kvarter medan dei arbeidde på ulukkesstaden. Aurland-lensmannen trur dei som trassa det raude lyset i begge endar har spekulert i at det ikkje var så farleg å køyre inn i den 24 kilometer lange tunnelen. Dersom noko liknande skjer igjen, vil lensmannen vurdere fleire tiltak for å kunne stenge tunnelen.