MAGNAR TAULE JAN M. LILLEBØ (foto)

Enkelte la ut i 60 meter-tempo, og fekk svi. Andre disponerte meir fornuftig, med lett jogg og kjapp gange. Og så var det dei som avslutta med ein kanonspurt til ære for alle dei som sat på tribunen. Elevane sprang nemleg puljevis, klasse for klasse, slik at det alltid var ein svær heiagjeng i målområdet. Det gav stemning som i ein olympisk konkurranse.

— Eg gav litt mykje gass i dag, og fekk skikkeleg sting, peste Vegard Solheim frå klasse 9 B ved Radøy ungdomsskule.

Men han tok tilfreds i mot cd-en med den treffande tittelen «School's out», som alle fekk når dei kom til mål.

Fargerik suksess

— Gøy med cd, men det skulle ha vore McMusic, meinte Silje Jakobsen frå Alversund, som sprang over mål i knallgul Jamaica-skjorte. Klesplagga var fargerike og mobiltelefon-praten gjekk, også undervegs i sjølve løpet. Men alle kom til mål. Forsøket med å ha eit skuleløp som ein del av Knarvikmila vart ein suksess. Elevane kom i 18 bussar frå alle krokar av strilelandet, og mil-general Helge Brekke likte det han fekk sjå.

— Dette er heilt fantastisk, nesten ikkje til å tru. Det er full oppslutning frå skulane, og alle ser ut til å ha kost seg fælt, sa ungdomsskulerektoren som har vore pådrivaren for Knarvikmila i alle dei 22 åra dette trim-eventyret har eksistert.

Fekk klem av Idol-Håkon

Det som byrja som eit lite søndagsløp for 371 sjeler i 1983, har blitt til ein fire-dagers festmaraton. Rekorden er 4393 deltakarar. I morgon er det minimil og ekstremløp, søndag naturløype og 5 eller 10 km på asfalt.

Men kva lokka mest i går? To sveitte kilometer, eller Idol-Håkon?

8. klassingane frå Rossland Skule var ikkje i tvil:

— Håkon Njøten! Han er dritfin! kjem det unisont frå Madelen, Elise, Maria og Venesa.

Kvartetten sprang det dei orka, og nådde målet om å få stå i fremste rekkje når favorittidolet slapp gitaren og stemma laus. Etterpå var det vill autografjakt. Venesa (13) var kanskje gladast av alle:

— Eg fekk klem av han! ropte ho, til misunnelege blikk frå klassevenninnene.

Ut av klasserommet!

Elevane stortrivdes. Lærarane syntest også at det var eit flott tiltak. Trenar for Åsane sitt A-lag, Trond Bjørndal, hadde med seg 15 sjuandeklassingar frå Grasdal skule, der han er lærar.

— Eit glimrande sosialt tiltak, seier Bjørndal, som var på fjelltur med elevane dagen før.

— Det er viktig at elevane er fysisk aktive. Vi har to idrettsdagar i året, og har også skøytedag, skiturar og utfluktar i skog og mark, fortel han.

Kristen-trubaduren Bjarte Leithaug, som er lærar for niandeklasse i Knarvik, syntest også at tiltaket var vellukka:

— Alt som kan bryta opp klasseroms-undervisninga er bra. Så dette er heilt topp. Lengda på løpet er akkurat passeleg til at alle kan klara det, meiner han.

Rolf Espenes frå Radøy ungdomsskule vil ha tilbake den gamle idrettsdagen.

— Før var 60 meter, lengde og kule obligatorisk. Dette må inn igjen i skulane, vi kan ikkje berre spela ball, meiner han.

Dersom han tar ein prat med Helge Brekke, blir det sikkert ei ordning med det også.