NJORD V. SVENDSEN

Naturoppsynsmann Tore Gundersen i Florø har ikkje opplevd maken.

— Det er ei kjent sak at hjort kryssar fjorden, men eg har aldri høyrt at så mange drukna dyr er blitt funne.

Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter på Svanøy utanfor Florø kjenner berre til eitt liknande tilfelle frå tidlegare. På byrjinga av 1990-talet vart 15 daude hjortar funne i havet, ved Bremangerlandet i Nordfjord.

Ingen veit kvifor hjorteflokken ved Florø aldri kom seg i land frå symjeturen, men tjukk skodde i området laurdag morgon kan ha ført til at dyra mista retninga og til slutt døydde av utmatting.

Også i Aurland lengre sør på Vestlandet er det nyleg funne tre daude hjortar.

Svært uvanleg

— Det er ikkje uvanleg å finne daud hjort i sjøen og fjøra, men som regel er det snakk om ein eller to. Denne hendinga er svært uvanleg. Normalt skulle dei vere i stand til å krysse fjorden, seier Solheim til Bergens Tidende.

Han trur den tjukke skodda kan ha forvirra hjortane. Men også båttrafikk kan føre hjorten på villspor, meiner han. Andre teoriar går ut på at hundar har jaga dyra på sjøen, eller at straumforhold har ført dei på avvegar.

— Hjorten kan berre klare seg i vatnet ei viss tid utan å bli nedkjølt. Kor lenge dei kan halde ut kjem både an på kor sterke dyra er og temperaturen på vatnet, seier Solheim.

Det finst svært mykje hjort i distriktet, og det er vanleg at dei kryssar fjorden for å kome til dei mange øyane og holmane i området.

Kan vere fleire

Ein observatør i båt meiner å ha talt ti daude hjortar utanfor Florø på laurdag. Det kan dermed vere fleire dyr igjen i sjøen som ikkje er funne.

Brannvesenet i Florø stilte opp for å hente inn dyra saman med politiet. Det finst ingen klare reglar for kven som har ansvaret.

— Det finst ingen prosedyrar for slikt, seier varabrannsjef i Florø Eivind Ask.

Det var folk i båt på fjorden som først melde frå til politiet om tre daude hjortar rett etter klokka ni laurdag morgon. Hjortane låg midt i skipsleia ved Oddane, rett sør for Florø. Seinare vart fleire dyr observert. Totalt vart åtte dyr taua inn og fortøydd til ein holme ved Florø sentrum i løpet av dagen og kvelden. Dei skal etter planen hentast opp av sjøen og undersøkjast nærare av veterinærar i dag.

Kadaver i Aurland

I Aurland vart to daude hjortar funne i ei elv mellom Bakka og Tufte ved Gudvangen for to veker sidan. Eitt kadaver er blitt observert i Nærøyfjorden. Det eine dyret skal ifølgje Sogn Avis ha hatt tre synlege hol i sida, og lokale jegerar meiner hjortane kan ha blitt felt av krypskyttarar. Politiet avviser dette og meiner dyra har blitt tekne av flom i elva.

Verken politiet eller dagleg leiar Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter trur det er nokon samanheng mellom hendingane i Aurland og Florø.

TRIST SYN: Åtte døde hjortar vart funne flytande i sjøen i går.
TERJE ULVEDAL
FORTAPT: Dei åtte hjortane overlevde ikkje symjeturen utanfor Florø. Ingen veit kvifor dei måtte gi tapt, men tjukk skodde kan ha ført til at dyra miste styringa og kreftene. Inspektør Pål Eielsen i Flora brannvesen undersøkjer dyra. <P/> TERJE ULVEDAL (foto)