Det var klokka 14.05 måndag ettermiddag at det kom inn melding om gasslekkasje på Heidrun-plattforma. Det melder informasjonssjef Morten Eek i Statoil, skriv Aftenbladet.no.

— Det var på dette tidspunktet 234 personar på plattforma. Dei tilsette som ikkje hadde beredskapsoppgåver vart mønstra til livbåtane, men desse vart ikkje evakuert, fortel Eek.

Klokka 14.46 var lekkasjen stoppa, og situasjonen normalisert. Det er framleis uvisst kva som har skjedd, men det er ikkje meldt om personskadar.

— Det skuldast noko knytt til arbeid med ein sikkerheitsventil. Produksjonen er framleis stengt ned mens ein leiter etter årsaka. Beredskapsorganisasjonen vart mobilisert, men situasjonen var raskt under kontroll, seier Eek.

Petroleumstilsynet og myndigheitene er varsla om hendinga.