Dette vert eit krav i anbodskonkurransen som snart skal utlysast om denne ferjestrekninga, opplyser Samferdsledepartementet.

Dette betyr at om nokre år vil all ferjetrafikk på Bjørnefjorden gå med gass. Frå 1. januar 2007 skal Fjord I trafikkera strekninga Halhjem-Sandvikvåg med tre gassferjer.

Fordelen med naturgass er at utsleppa av giftige nitrogenoksydar, NOx, er berre ein liten brøkdel av utsleppa frå dieseldrivne motorar. Utsleppa av klimagassen CO2 er og mykje mindre. Samferdsleministeren opplyser at gassferje også er krav i anbodskonkurransen om ferjesambandet Flakk-Rørvik i Nord-Trøndelag.