Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) seier omlegging til gassferjedrift vil skje i samband med utlysing av nye anbodsperiodar. I enkeltsamband som snart skal lysast ut, men der det ikkje kan bli lagt til rette for gassferjedrift i tide, kan det bli aktuelt å korte ned den kommande anbodsperioden. Anbodsperiodane på ferjesambanda har normalt vore åtte år.

— Lavik-Oppedal er eitt av sambanda som snart skal lysast ut på anbod. Her kan det bli aktuelt å lyse ut ein for ein kortare anbodsperiode, og så kome med ny utlysing når sambandet er oppgradert for å ta mot gassferjer, seier Navarsete.

Tre nye

I tre samband som nyleg er lagt ut på anbod, har Vegdirektoratet stilt krav om at sambanda skal drivast med gassferjer. Dette er Halhjem-Våge i Hordaland, Molde-Vestnes i Møre og Romsdal og Flakk-Rørvik i Trondheimsfjorden.

— Kor mange samband som skal få gassferjedrift er eit politisk spørsmål. Men basert på økonomi og miljø, snakkar vi truleg om framimot 20 samband, seier seniorrådgjevar Stein Petter Eriksen i Vegdirektoratet.

Mellom sambanda som vil få gassferjer nemner Eriksen ferjestrekningane på Europa- og stamvegnettet, deriblant Lavik-Oppedal, Anda-Lote og Mannheller-Fodnes, dei tre største ferjesambanda i Sogn og Fjordane. Men også samband med stor trafikk utanom stamvegane vil bli vurderte.

Investeringar

Når det er dei mest trafikkerte ferjestrekningane som vil få gassferjer, er forklaringa at gass både samfunnsøkonomisk og miljømessig blir meir konkurransedyktig til større båtane er og til meir drivstoff som går med i sambandet.

— Med dagens teknologi er tommelfingerregelen at til meir drivstoff eit fartøy brukar, til meir lønsamt blir det å gå over til gass, seier Eriksen.

Problemet på mange ferjestrekningar er at det ikkje er lagt til rette for gassferjer. Det må etablerast bunkringsstasjonar med gass på kaiene, og ferjekaiene må byggjast om.

— Dette er investeringar som politikarane må prioritere opp mot andre tiltak i samferdslesektoren, seier seniorrådgjevar Eriksen.

Miljø

Den første gassferja, MF «Glutra» blei sett i drift i sambandet Seivika-Tømmervåg i Møre og Romsdal i 2000. Det mest kjende gassambanda er likevel Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika. Fjord1 Fylkesbaatane driv fem gassferjer på dei to strekningane på E39 i Hordaland og Rogaland.

Det er miljøvinsten som først og fremst gjer gassferjene interessante. Sjølv om det har vore ein viss debatt om kor mykje meir miljøvennleg gass er i ferjesambanda, er dei fleste forskarar samde om at utsleppa av klimagassar blir kraftig redusert. CO2-utsleppa går ned med kring 20 prosent og NOx-utsleppa med bortimot 90 prosent. Partikkelutslepp blir heilt fjerna med gass som drivstoff.

GASS ER FRAMTIDA: Om få år vil gassferjer av den typen som i år er teke i brukpå Halhjem-Sandvikvåg, utgjere kring halvparten av flåten. Men i dei mindresambanda vil det gå ureinande dieselferjer i mange år.ARKIVFOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR