JOHN LINDEBOTTEN

Nøyaktig same frist har Statens vegvesen til å få ferdig det nye kaianlegget på Halhjem og opprustinga av ferjekaien i Sandvikvåg. Arbeida er rekna til 174 millionar kroner. Når nye anlegg og ferjer er på plass, blir reisetida mellom Bergen og Stavanger korta ned med 20 minutt.

HSD sine ferjer skal trafikkera strekninga Halhjem-Sandvikvåg frå dagens ferjekai til og med nyttårsaftan 2006.

Frå 1. januar 2007 må folk som bur på Halhjem venja seg til synet av nye ferjer som er nøyaktig 50 prosent lengre og mange meter breiare enn dagens «Ullensvang», «Stord» og dei andre.

Selskapet skal få bygt fem nye ferjer, som alle vert 129,2 meter lange og vel 19 meter breie.

Ikkje tid å missa

— Fristen for å kontrahera ferjene går ut ved årsskiftet. Men det er klårt at vi ikkje har tid å missa. Vi må og rekna med litt tid til prøvekøyring av ferjene før dei vert sette i trafikk frå 1. januar 2007, seier ferjesjef i Fjord1, Svein Solheim, til Bergens Tidende.

Prisen for dei fem ferjene er rekna til ca. 1,3 milliardar kroner.

Men om dei fem nye ferjene vert like lange og like breie, er det likevel to ulike løysingar som skal takast i bruk. Tre av dei nye ferjene skal byggjast med to dekk og vera mest mogleg innebygde, med passasjersalong over, om lag slik som dagens største ferjer. Desse ferjene til ha plass til 198 personbilar, eller 12 vogntog og 150 bilar. To av desse skal gå strekninga Arsvågen-Mortevika, som ligg ope til mot havet.

Ei av desse store skal gå mellom Halhjem og Sandvikvåg saman med dei to siste, som berre har eitt dekk og plass til 145 personbilar.

Desse to ferjene vil ha overbygg medrekna passasjersalong langs eine sida, slik at heile bildekket ligg fritt under open himmel.

Autopass seinare

— Det har vore snakk om innføring av Autopass som billettsystem på ferjene. Får vi det på dei nye gassferjene?

— Vi startar opp med det same billettsystemet som vi har i dag. Vi veit altfor lite om Autopass til at det ville vera mogleg å rekna det inn i vårt tilbod på konsesjonen. Når Autopass eventuelt skal innførast, må det verta ei forhandlingssak mellom oss og vår oppdragsgjevar, som er Statens vegvesen, seier Svein Solheim.

YNGVE STEENSÆTH (grafikk)
NY FERJEKAI: Langeneset på Halhjem (innringa) i Os kommune skal sprengjast flatt og gje plass til ny ferjekai for gassferjene til Fjord1, som er over 40 meter lengre enn dagens HSD-ferjer.