Gassmeldinga frå energi— og miljøkomiteen på Stortinget vil venteleg setja fart i arbeidet med å skaffa gassferje til sambandet Halhjem-Sandvikvåg.

— Vi er glade for dei klåre føringane for statlege tiltaksordningar for bygging av gassferjer. Særleg var det viktig for oss med tydelege føringar på investeringssida, for det er tunge investeringar det er snakk om, seier administrerande direktør Geir Aga i HSD Sjø til Bergens Tidende.

Han opplyser at han alt i neste månad skal ha møte med olje- og energiminister Einar Steensnæs for å diskutera nærare vilkåra for bygging av nye gassferjer.

— Målet vårt er, saman med selskapa i Rogaland, å setja inn gassferjer på heile Kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen.

HSD har ingen planar om å få bygt gassferje i aluminium, slik Fjellstrand AS har bygt for sambandet Stavanger-Tau.

— Det var ei katamaran-ferje, og den typen er litt for brei for det tronge farvatnet inn til Halhjem og til Sandvikvåg. Vi vil ha ei ferje på eitt skrog, bygt i stål, men den ferjetypen kan måla seg med den andre på fart og økonomi, seier Geir Aga.

Fakta om gassferjen:

  • HSD sine nye ferjer som skal gå med gass mellom Halhjem og Sandvikvåg er 130 meter lange, mot 95 meter på dagens ferjer.
  • Der er plass til 200 personbilar, medan dagens ferjer kan frakta 140. Farten på gassferja er 22 knop, mot 15 i dag. Det betyr at overfarten vert kutta frå 50 minuttar til 35.
  • Alt dette tilsaman gjer at tre nye gassferjer kan ta unna like mykje trafikk som seks ferjer av dagens type mellom Halhjem og Sandvikvåg.
DRØMMEN: Slik kan den bli, den nye gassfergen mellom Halhjem og Sandvikvåg.