Naboane til Vest tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen kommune har slite med sår hals, oppkast og rennande auge etter eksplosjonen for to veker sidan.

No viser dei førebelse vassprøvene at vatnet ikkje er blitt giftig, melder NRK Sogn og Fjordane.

Ordførar Trude Brosvik meiner at innbyggjarane i Gulen ikkje treng vere redde for at vatnet er farleg, skriv NRK.