Propangass lak ukontrollert inn i utleigehyttene som til alt hell var tomme for folk. Forgifting— og eksplosjonsfaren var stor, slo brannvesenet i Sveio fast etter tilsyn med gassanlegget 7. januar i år.

— Det hadde vore livsfarleg å opphalda seg i vognene, og den minste gnist ville sendt heile anlegget i lufta, seier varabrannsjef Kjetil Staveland i Sveio.

Brannvesenet gjennomførte tilsyn med gassanlegget etter tips, og la straks ned forbod mot å nytta det felles forbruksanlegget for to husvogner.

Alvorlege monteringsfeil

Brannetaten i Sveio varsla også politiet og sende uromelding til Direktoratet for brann og eksplosjonsvern om dei alvorlege monteringsfeila som blei avdekte. Målet var å få ei vurdering av om det var grunnlag for reaksjonar overfor røyrleggjarfirmaet som var med på å montera anlegget.

— Vi har hatt samtalar med røyrleggjarfirmaet og forsikra oss om at det ikkje finst tilsvarande anlegg. Vi går ikkje vidare med saka, seier Sveio-lensmann Kåre Ravn Ottesen.

I eit brev til hytteeigaren nemner Sveio brann- og redningsvesen fleire feil ved gassanlegget. I tillegg til dårleg sikra gassrøyr og flaskeskap var det montert to 33-kilos industriflasker med propangass. Det er ifølgje brannvesenet over maksimalt tillaten gassmengde.

Lak ut om natta

Det mest alvorlege var likevel at anlegget mangla ein reduksjonsventil eller regulator. Det førte til at propangass under høgt trykk nærmast sprengde fordelingssentralen i den eine husvogna og lak ut i rommet i løpet av ei natt.

— Brannvesenet ser svært alvorleg på måten installatøren har montert anlegget, og meiner det er tilfeldige forhold som gjer at det ikkje har skjedd ei alvorleg ulukke med fare for liv og helse på staden, skriv Sveio brann- og redningsvesen til hytteeigaren.

Brannvesenet finn ikkje grunn til å klandra hytteeigaren, som inntil vidare ikkje ønskjer å uttala seg om forholdet. Heller ikkje det utanbygds røyrleggjarfirmaet vil gje kommentar til saka.