Gass frå Trollfeltet i Nordsjøen vil stå for det største volumet, men den jamne oddingen blir i bokstaveleg for stand med i prosessen når Noralf, ein divisjon av Outokumpu Norzink AS i Odda går over frå olje til gass som energikjelde i produksjonen av Aluminiumfluorid, AlF?.

Bioform Hardanger AS står klar til å samla opp kloakken frå Odda sentrum, som i dag går rett i Sørfjorden, bygga eit renseanlegg til 35 millionar kroner, og senda gassen i røyr til Noralf, som ligg heilt på nordspissen av Eitrheimsneset.

Har tru på prosjektet

— Gassproduksjon i så små kloakkrenseanlegg som vi får her i Odda, skulle normalt ikkje vera kommersielt rekningssvarande, seier administrerande direktør i Bioplan Hardanger, Arnfinn Førsund til Bergens Tidende.

Han har likevel god tru på prosjektet grunna kort veg til kunden og samarbeidet med Naturgass Vest AS, som kan supplera med den gassen som trengst.

For Naturgass Vest AS er tiårsavtalen med Noralf verd mellom 90 og 100 millionar kroner.

Administrerande direktør Aksel Skjervheim er likevel mest kry av distribusjonssystemet sitt.

Det er godt tilpassa topografien på Vestlandet og mangelen på gass-erfaring her.

160 kuldegrader

Ilandført gass blir gjort flytande ved nedkjøling til 160 kuldegrader og overført til termos-tankar. Først med båt til Søral sin kai på Husnes og deretter med tankbil gjennom Folgefonntunnelen til Odda, fortel Skjervheim til Bergens Tidende.

Når det først er etablert ein stasjon på Husnes for overføring av flytande gass til tankbilar, kan det godt tenkast at også andre kundar kan forsynast derifrå.

Direktør Karl Olav Tjalvin i Noralf fortel at det er pengar å spara på overgangen frå olje til gass, i tillegg til miljøvinsten.

Gassen vert brukt til å fyra opp i ein nesten 50 meter lang rulleomn, to meter i diameter, som roterar 8-10 meter over bakken. Til sommaren kjem ein ny omn til. Litt kortare, med større diameter og effektivitet.

Pengar i fluorgass

I omnane vert flusspatt og svovelsyre varma opp, og blir til gips (anhydritt). Denne gipsen egnar seg ikkje til spjelking av beinbrot, er framleis økonomisk uinteressant, men kan bli det. Pengane ligg no i fluorgassen som vert danna i prosessen. Den blir sendt gjennom ein reaktor, og ut kjem aluminiumflorid, som norsk aluminiumsindustri betalar godt for.

Hovudproduktet til Outokumpu Norzink er og blir sink, men Noralf-divisjonen er ein butikk i butikken som nyttar ut biproduktet svovelsyre, som verdsmarknaden fløymer over av. Det har blitt ei problemvare, seier administrerande direktør Stein A. Ytterdal til Bergens Tidende.

Han opplyser at verksemda elles ikkje har planar om å gå over til gass. Då måtte ein i tilfelle ha bygt eit lite gasskraftverk til å produsera elektrisitet.</p>FOTO: ARNE HOFSETH