— Om det eksisterer eit tak for denne type matproduksjon, er vi langt unna det. Vi trur det skal vere råd å auke omsetnaden av gardsmat til mellom 300 og 350 millionar kroner dei kommande ti åra, seier Ola Kr. Rusaanes. Han er dagleg leiar i Norsk Gardsmat, ein medlemsstyrt organisasjon som hjelper produsentane med produktutvikling, marknadsføring og opplæring.

Tener betre

Norsk Gardsmat, der også Balholm Safteri er med, har i dag 212 medlemer. Det siste halvtanna året har det vore eit jamt tilsig. Stadig fleire bønder går utradisjonelle vegar og satsar på å drive forretning med eigenutvikla produkt frå garden.

Det er neppe tvil om at inntektsnedgangen i landbruket har skapt større interesse for «heimeproduksjon». I staden for å sende massevarer til låg pris gjennom dei tradisjonelle omsetnadsledda, sikrar bøndene seg no høgare prisar og betre marginar ved å satse på nisjeprodukt basert på eige råstoff selt direkte til forbrukarane. Det som for mange starta som ei beskjeden tilleggsnæring, har no blitt største inntektsposten på garden.

— I gjennomsnitt reknar vi med at kvart medlem har ein omsetnad på mellom 250.000 og 300.000 kroner. Men vi har store skilnader. Enkelte sel kanskje for nokre ti-tusen i året. Andre har jobba seg opp til omsetnad i millionklassen.

Tyngdepunkt i vest

Og Vestlandet er det store tyngdepunktet. Med 30 produsentar som medlemer er Sogn og Fjordane største gardsmat-fylket i landet. Hordaland og Rogaland har begge kring 20 medlemer.

— Vi registerer at interessa framleis er størst i vest. Spesielt frå Hordaland har vi hatt ein god del førespurnader siste tida, seier Rusaanes. Men trass i at medlemstalet er det høgaste nokon gong, og stadig fleire bønder kjem til som produsentar av gardsmat, er Norge framleis for eit u-land å rekne. I alle fall samanlikna med Mellom- og Sør-Europa, der salet av heimelaga mat på garden i enkelte land utgjer bortimot 30 prosent av samla matsal. Her på berget snakkar vi førebels om promille.

— Om vi nokon gong kan nå like høgt som eksempelvis Frankrike, veit eg ikkje. Eg trur det er kulturskilnader som spelar inn, meiner leiaren for norske gardsmatprodusentar.