Ripsgeléen er frå Fykse, krotakakene bakt av godt vaksne koner frå Aga. Pølsa er laga i Sunde, laksen røykt på Dyrdal, men dei nyferske, mørkeraude kjøtmorelllene kjem rett frå butikkstyrarens eigne tre.

Denne veka er det nøyaktig eit år sidan gamleløa like ved riksvegen på Måge fekk nytt liv som gardsbutikk for både ferdafolk og fastbuande.

Fruktbonden Torkjell Nå og kona Turid Måge Nå driv den einaste butikken i sitt slag i Ullensvang, og er godt nøgde med det første året.

— Sommarsesongen er heilt topp. Gardsbutikk er liv laga, konkluderer bonden, mens han sorterer moreller bak skiferdisken.

Bakverk og moreller

Fleire og fleire lokale produsentar leverer varer til butikken. Alt frå drops, eplesaft og sylte til fisk, egg og kunsthandverk. Mest populært er moreller og bakverk som flatbrød, krotakaker, Nordlandslefse og bondebrød.

— Det har vore kolossal rift om morellene. Folk veit at dei har berre sjansen ein gong i året, og då er det svært få som ikkje kjøper. Bakverk hadde eg ikkje heilt trua på i starten, men no tek me inn alt me kan få tak i, fortel Måge til BT.

Det er først og fremst nordmenn som handlar i butikken hans, men også kanadiske Monica Saunders legg ferien innom grønsaksdisken på Måge, og kjøper med seg både poteter og løk.

— It's beautiful. Nice and fresh. Rimeleg er det også, meiner Saunders, før ho set seg i bilen igjen.

Ekteparet Måge har investert to millionar kroner i butikken med hjelp av Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond. I løpet av vinteren skal dei investere ytterlegare 300.000 kroner i andreetasjen i løa frå 1885, der det skal bli både bakste- og bryggeloft, eldhus og selskapslokale.

- Kjempegodt år

Også på Steinstø frukt og kakebu ved Fyksesund, like ved riksvegen, er det fullt køyr denne sommaren. Samanlikna med i fjor, reknar Arnvid Fykse med ein auke i salet av frukt på kring femti prosent i år. Det gode vêret skal ha sin del av æra.

— Det ser ut til å bli eit kjempegodt år, det beste til no. Får vi litt regn no, så blir det skikkeleg bra, seier han til BT.

Mest all frukt i butikken kjem frå hans eigen hage. Plommer, pærer, eple og moreller. I år kom frukta mest tre veker tidlegare enn normalt.

Morellsesongen er ferdig, tidleg-plommene alt på hell, og neste veke kjem keiserinne-pærene. Fykse reknar med å selgje kring tjue tonn meir frukt og bær i år enn i fjor.

— Midt i sommarsesongen er det like mange utlendingar som nordmenn som handlar hjå oss. Men utover hausten blir det fleire og fleire norske kundar, byfolk og strilar som kjem igjen år etter år.

Dottera Heidi Helgheim er sjef for kafé- og eplekakedelen, og reknar med å selje kring tretti prosent meir i år enn i fjor.

— Det er god butikk, men så jobbar vi også for pengane. Det blir lange dagar i sesongen, men slik må det vere. Så får vi heller kvile i vinterhalvåret, seier ho.

Svak juni i Granvin

Kjerland gardsbutikk i Granvin var den fyrste i sitt slag i Hardanger, då den opna i 1994, men dei siste åra har gravensarane blitt utfordra både av Måge og Fykse.

— Det er ikkje unaturleg at vi har merka konkurransen, sjølv om slikt er vanskeleg å måla, seier Ivar Kjerland til BT.

— Men det er mange om beinet i varehandelen, og det er blitt fleire gardsbutikkar. Folk er ikkje så nyfikne lenger.

Omsetnaden i juni månad var markert svakare enn i fjor, men handelen tok seg opp igjen i juli. Butikken er open heile året, og særleg planter har det gått mykje av på Kjerland i sommar.

— Det har vore rolegare denne sommaren enn i fjor, men sett under eitt er vi likevel rimeleg fornøgde. Mens konkurrentane har lokale som ligg kloss i vegen, må kundane ta ein avstikkar frå hovedvegen for å handle ved Kjerland gardsbutikk. – Vi har ein jobb å gjere for å betre marknadsføringa av butikken vår, og få folk til å køyre av vegen for å finne oss. Der ligg vårt største potensial, meiner Kjerland.

RETT FRÅ TREET: Få timar etter at bonde Torkjell Nå plukka desse morellene, er dei til sals i gardsbutikken hans på Måge. Det er blitt stadig meir populært å handle lokal frukt og mat på gardsbutikkane i distriktet.
FOTO: RUNE SÆVIG