EYSTEIN RØSSUM

Det var under arbeidet med å utbetre ein trong strekning på fylkesveg 691 mellom Aa og Ommedal i Gloppen at det gjekk gale i går. Ei sprengingssalve vart for kraftig, og heile vegen raste ut.

Eit 30-tals skuleelevar måtte dermed fraktast heim med båt på Ommedalsvatnet. Dei får i dag fri frå skulen, medan Statens Vegvesen arbeider med å få på plass ein båt godkjent for passasjertrafikk til å frakte skuleelevane.

Det var i går uvisst når vegen kan opnast att.

— Ein ingeniørgeolog skal tysdag kome for å vurdere kva vi skal gjere. Det kan bli aktuelt å få på plass ei mobil bru inntil skadane er utbetra. Det vil ta fleire dagar, seier distriktssjef Oddvin Ylvisaker i Statens Vegvesen.

Uhellet skaper store problem for ei rekkje bønder i dalen. 12-13 gardar driv mjølkeproduksjon, og skulle etter planen levere mjølk i dag. Dette blir det ingenting av.

— Sjølve har vi ein del kalvar. Vi får bruke mjølka som fôr til dei. Men det blir nok eit økonomisk tap, seier Harald Ommedal, ein av bøndene som er ramma.

Også fleire pelsfarmar og hønseri får vanskar med å få fram fôrleveransar.

— Dette håpar vi å få ordna anten med båttransport eller med helikopter, seier distriktssjef Ylvisaker.