Det stod ein bil parkert i garasjen, og bilen, i tillegg til ein del utstyr i garasjen, gjekk tapt i brannen. Det var ei stund fare for at brannen kunne spreia seg til bustaden like ved, men mannskapar frå brannvesen og politi greidde å berga huset.

Det opplyser spesialmedarbeidar ved Fjell og Sund lensmannskontor, Tony Eide, til Kystradioen. Årsaka til brannen er ikkje kjent.