Tolo bad i går Kvam Høgre om å stryke hans namn frå medlemslista. Samstundes har han meldt seg inn i Frp.

Han grunngjev partibyttet med at Høgre har stemt ja til å setje opp bompengebom mellom Kvamskogen og Norheimsund for å finansiere trafikksikringstiltak på ei anna strekning.

_Les også:

Frp vil ikke utelukke støtte til de rødgrønne_

— Det som blir sett i gang er langt utanfor det eg kan vere med på. Ein set opp bommen på ei anna veg enn den som skal bli utbetra, og belastar andre enn lokalbefolkninga, seier Tolo.

Kvam heradsstyre stemte torsdag nei til ei interpellasjon frå Venstre i saka. Då fekk Tolo nok. Han meiner og at omfanget på bompengeprosjektet - 660 millionar kroner - er blitt altfor stort for ei liten kommune.

— Eg har ikkje fått nokon respons i partiet. Dette skal visst igjennom, uansett. Det kan ikkje eg stå for, seier Tolo.

Men Tolo seier at han vil følgje Høgres valprogram, dersom det skulle oppstå saker der Frp og Høgre har ulike programfesta syn.

— Det er i respekt for veljarane som har stemt meg inn. Om eg skal stille til val i 2011, har eg ikkje tatt stilling til, seier Tolo.

Alt om valget finner du her.