• Eg går sjølvsagt til den som betalar meg best, seier Heidi Sundal. Den røynde intensivsjukepleiaren forlet Haukeland til fordel for eit vikarbyrå, og doblar løna.

— Eg skulle helst ha jobba på Haukeland, men nok er nok.

Sundal er i samtalar med vikarbyrået Active Care. Detaljane er enno ikkje klare, men ho reknar med å gå opp 200.000-300.000 kroner i årsløn når ho skiftar arbeidsgjevar frå Haukeland sjukehus til vikarbyrået.

Etter ti år som sjukepleiar, dei siste sju som intensivsjukepleiar, tener Sundal nær 300.000 kroner i året. Då er overtid og tillegg rekna med. Som einsleg i byen med studielån, bustadlån og bil blir det knapt nok til at det går rundt.

Aerobicsinstruktør

Sundal har difor ekstrajobb som aerobicsinstruktør, ein jobb ho reknar som terapi etter mange år med ekstravakter på Haukland.

— Eg slutta fordi eg alltid kjende meg trøytt og umotivert. Jobben krev så mykje at eg måtte finne på noko anna, seier ho.

Dei siste åra har vikarbyråa blitt meir vanlege i sjukehusmiljøa, og gjort det lettare å ta spranget ut. Sundal kjende seg smigra over den merksemda vikarbyrået har gjeve henne.

— Eg har aldri før kjent meg verdsett på ein slik måte, ei annerkjenning av at det var nokon som var villig til å betale for min kompetanse.

Betalar for fleksibilitet

Sundal vedgår likevel at vikarlivet ikkje er for alle. Ho risikerer å bli sendt rundt om i heile landet og vere vekke fleire veker i strekk. Løna går raskt opp for den som kan reise kvar som helst når som helst.

— Vikarbyråa opnar for at du kan legge inn begrensingar, men då betalar dei deg mindre, seier Sundal.

VERDSETT: Heidi Sundal har aldri kjent seg så verdsett på Haukeland som ho gjorde i møtet med vikarbyrået.
Foto: Rune Sævig