Larsen, som er seksjonsoverlege på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus, går no ut mot Helse Vest og deira måte å leie sjukehusvesenet på Vestlandet på. Han meiner det er noko hakkande gale med leiarkulturen, og kritiserer Helse Vest for å drive detaljregulering og styre dei lokale helseføretaka ovanfrå og ned. Men når det viser seg at konsekvensane blir annleis enn Helse Vest hadde tenkt, let dei føretaket sitje med ansvaret.

— Meldinga frå toppen er at no må de gjere slik og slik. Men når det kjem til stykket, og det Helse Vest har gitt ordre om ikkje fører fram, trekkjer dei seg. Dei står ikkje ved det dei har gjort.

Annonsert sprekk

Det er fleire omstridde saker gjennom Larsens periode i styret som gjer at han no tek bladet frå munnen. Sist i rekkja er budsjettsprekken i helseføretaket i Sogn og Fjordane denne hausten. Ved utgangen av august var føretaket 30 millionar kroner i minus, dette kan auke til bortimot 80 millionar før året er omme. No arbeider Helse Førde med sparetiltak. Saka skal drøftast i styret fredag.

Budsjettet var ei av fleire store stridssaker i Helse Førde i fjor. I følgje Larsen blei det i budsjettprosessen arbeidd med fleire konkrete framlegg føretaket meinte var nødvendige for å greie krava til innsparing. Fleire ville medføre endringar i strukturen.

— Styret i Helse Førde var klare på at dersom det ikkje var råd å gjere noko med strukturen, ville vi ikkje greie sparekrava. Det som skjedde var at leiinga i Helse Vest kom til Førde. Her blei det munnleg gitt beskjed om at slike tiltak ikkje skulle fremjast. Dei var politisk uråd å gjennomføre, fortel Larsen.

På nyåret vedtok så styret eit budsjett svært ulikt det som hadde blitt jobba med på hausten. Helse Vest skrytte. Deira representant i Førde-styret, viseadministrerande direktør Helge Bryne, karakteriserte budsjettet som svært godt. Men mellom fleire styremedlemer i Helse Førde var skepsisen stor.

— Vi som var tilsetterepresentantar sa frå om at vi meinte budsjettet ikkje ville halde. Når det så viser seg at det går slik vi sa, må Helse Førde likevel ta støyten, seier Larsen.

Ovanfrå og ned

Larsen reagerer også på at Helse Vest har gitt klar melding om at millionane som skal sparast no, må finnast på Førde sentralsjukehus.

— Dette er uryddig. Det må vere Helse Førde si oppgåve å finne ut kvar pengane skal sparast. Men kva rom blir att for å manøvrere når eigarens representant så til dei grader stikk ut kursen?

Larsen meiner Helse Vest er prega av ein ukultur med stor grad av detaljstyring og uformell leiing. Styringa skjer i ekstrem grad ovanfrå og ned.

— Helse Vest er lite opptekne av helse, det viktigaste er kva resultat dei skal levere til departementet. Men dei har ansvar for helsetilbodet til innbyggjarane på Vestlandet.

I følgje Larsen blir det ofte lagt svært sterkt press på både administrativt tilsetet og styrerepresentantar i dei lokale føretaka. Dette hender ope, som når Helse Vests representantar tek ordet og legg føringar på styremøte. Men det skjer også ofte lukka gjennom interne møte og telefonar.

— Ofte er dette vanskeleg å dokumentere, seier Larsen.

KVASIMODELL: Overlege Rune Larsen meiner sjukehusvesenet blir leia etter ein modell som fører til svært sterk styring ovanfrå og ned. Eit godt resultat å slå i bordet med overfor departementet blir viktigare enn helsetilbodet.
oddleiv apneseth