31 år gamle Frantzen har vore sporlaust borte sidan byrjinga av mai. Nå klagar familien til politiets særskilde etterforskingsorgan, Sefo, på det dei meiner er tenesteforsømming ved Os lensmannskontor.

— Trine forsvann ikkje ut lause lufta då ho gjekk av bussen på Os 10. mai, seier systera Jannicke Frantzen til TV 2. Ho meiner politiet i Os har arbeidd alt for seint, og føler at ho ikkje er blitt tatt på alvor. Frantzen var ein del av eit rusmiljø, og systera meiner dette har ført til at politiet har vist lita interesse for saka.

— Rettstryggleiken til dei narkomane i Noreg er dårleg, noko denne saka viser, seier Frantzen til TV 2.

Lensmann Rasmus Dalen ønskte i gårsdagens Os og Fusaposten ikkje å kommentere Sefo-saka, fordi han berre kjende henne gjennom medieomtale. Men han vil ikkje vere med på at rusbakgrunnen til den sakna har spelt inn på korleis saka er handtert.

— For oss er ein person ein person, seier Dalen til avisa.

Sefo-leiar Beate Blom i Hordaland hadde i går ennå ikkje mottatt meldinga frå Frantzens familie, og kunne difor ikkje svare på kva dei vil gjere med saka.