Av rettsboka går det fram at Nordeide har ei gjeld på 8,7 millionar, og ikkje er i stand til å dekke sine plikter. Transportfirmaet har køyrt Fundo-felgar til ei rekkje land i Europa.

Det andre store lokale transportselskapet som fraktar Fundo-felgane til dei europeiske bilprodusentane, Per A. Øren, kalkulerer med store tap. Selskapet med 40 tilsette har over fire millionar kroner uteståande hjå Fundo. For å betale eigne rekningar, kjem Øren-selskapet til å selje vogntog.

— Eg trur vi skal redde oss unna konkurs. Men vi må nok sjølve selje ein del utstyr for å få inn pengar slik at drifta kan førast vidare. Problemet er at prisane på vogntog er svært låge for tida, seier Øren.

Svært mykje øydelagt

— Selskapet er bygt opp over 40 år. Om ikkje vi står på bar bakke, er svært mykje øydelagt, seier han.. Øren er også forhandlar for Hydro Texaco i Høyanger som har ein million kroner uteståande.

Dei to transportselskapa er ikkje dei einaste som må bokføre store tap. Lokale selskap har ti-tals millionar uteståande hos Fundo Wheels Endar gjeldsforhandlingane med konkurs, taper dei lokale selskapa alt saman.

Banken må betale løna

Sogn og Fjordane Industriservice med 40 tilsette har hatt alt reinhald på felgfabrikken, og har over 500.000 kroner uteståande.

— Vi vil få vanskar med betalingsevna i ein overgangsfase, og har hatt møte med banken. Eg trur vi skal klare å halde selskapet unna skifteretten, seier Arvid Fimreite.

Men han håpar at banken vil hjelpe til slik at det blir lønn på dei 40 tilsette 12. november.

Næringssjef Petter Sortland i Høyanger trur at mellom 10 og 15 bedrifter er ramma på same måte som Nordeide, Øren og Sogn og Fjordane Industriservice.

— Det kom veldig overraskande at det alt har skjedd med Nordeide Transport, seier Sortland om den første konkursen etter Fundo-krisa.

Mellom dei mange andre lokale firma som er økonomisk ramma er mellom anna Vedvik Rør, Vestlandske Avlakkering, Lavik Autosenter, Østerbø Maskin og Fjordtrykk Høyanger.