Det omstridde anlegget med ny veg på nordsida av Dalsfjorden og bru frå Otterstein til Dale i Sunnfjord, vil kunne byggjast for 710 millionar kroner. Byggjestart kan bli i 2009. Brua skal erstatte dagens ferjesamband mellom Dale og Eikenes.

I tillegg til brualternativet har vegvesenet også vurdert kabelferje frå Otterstein til Dale, og eit nytt ferjeleie på nordsida av fjorden for å korte ned dagens 25 minutt lange ferjetur. Begge desse alternativa blir mykje billegare enn bru. Når vegvesenet likevel går inn for bru, er det fordi nytten av eit slikt samband blir større enn ferjealternativa.

Dalsfjordbrua er eitt av dei mest omdiskuterte vegprosjekta på Vestlandet.

Stortinget vedtok å byggje brua tidleg på 1970-talet, og bygginga blei starta nokre år seinare. Men etter at det var bygt fire kilometer veg og tunnel på 500 meter, blei anlegget stoppa i 1979. Løyvingane blei overført til andre tiltak.