Slik er livet blitt etter Vest Tank.

Vel er Heidi Rosseland livredd for kva konsekvensar som kan kome, men ho er samtidig ikkje sikker på at ho vil vite alt om utsleppa frå industriområdet på Sløvåg.

  • **Les også:

Må svare i retten i dag**Uvisse er ille, men også sanninga kan vere brutal.

Lei av heile Vest Tank Frykt, uvisse, resignasjon. Og ikkje minst eit sterkt ønskje om å leggje heile saka bak seg, bli ferdige med skiten, komme seg vidare.

— Eg er så lei av maset om Vest Tank-eksplosjonen, lei av journalistar og TV-kamera, lei av negativ omtale, seier ein av bebuarane i området.

— Slik trur eg nesten alle her omkring føler det.

Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn, vil ikkje ha ansiktet knytt til saka i det heile. Ho har fått nok.

Det beste folk i området har å seie om det som skjedde i Sløvåg 24. mai 2007, er at den evinnelege knottplaga i området for-svann som ved eit trylleslag.

Men kva var det som skjedde med millionsvermane av dei plagsame, ørsmå insekta? Kvifor forsvann dei så brått?

Kanskje er dette nokre av spørsmåla som mange her ute eigentleg helst ikkje ønskjer å få vite svaret på.

Industriell framtid Vest Tank eller ei - folk i Gulen kommune veit at dei framleis bur i ein fredeleg idyll. Eit kystparadis med hundrevis av viker, holmar og skjer.

Riksveg 57 går tvers gjennom fastlandsdelen av kommunen, frå Rutledal i nord til Sløvåg i sør. Den smale landevegen snirklar seg mellom knausar og fjell, gjennom skog og frodig kulturlandskap.

Lengst i sør er det slutt på det kuperte terrenget, landskapet flatar ut og endrar karakter.

Her er dei plassert, alle selskapa som skal vere den industrielle framtida for utkantkommunen Gulen:

Wergeland Halsvik As, Skanska, Baker Oil Tools, Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap, Alexela Terminals - for å nemne nokre av dei største.

Eit svært område av kystlandskapet er sprengt ut av berget på begge sider av riksvegen. Larmen frå eit steinknuseri utgjer lydsporet til den omfattande anleggstrafikken, støvet ligg som tåke over store deler av området. Ut mot sjøen ligg djupvasskaia og tankanlegget som ein gong heitte Vest Tank.

Arvestoffet - Hadde det skjedd i Oslofjorden ein plass, skulle du sett på spetakkel. Her gjekk det lang tid utan at nokon tok tak i det, seier Heidi Rosseland.

Saman med dottera Silje Sandnes går ho tur langs vegen ved Eidsbotn, nokre få kilometer frå sjølve industriområdet i Sløvåg. Dei er ute og luftar cocker spanielen Nemi og samojeden Tara. Hundane riv og slit i banda, i vilter leik mellom damene.

Medan mor Heidi er veldig uroa for konsekvensane etter Vest Tank-eksplosjonen, er ikkje dottera Silje like engasjert.

— Eg tenkjer ikkje så mykje på det, seier Silje, som jobbar for selskapet Baker Oil med base på industriområdet i Sløvåg.

Men mor er særleg redd for langtidsverknadene.

— Bærplukking her er uaktuelt. Ingen veit kva som ligg i jorda her, seier ho.

— Eg fryktar alle kjemikaliane som kan skade arvestoffet, og som blir ført vidare til nye generasjonar. Eg trur dette i alle fall vil påverke helsa til dei som var nærast.

Ho viser til fallande innbyggjartal i området, og håpar at det vil gå an for ungdom å flytte hit og bu også i framtida.

For lite, for kort På legekontoret i kommunesenteret Hardbakke sit kommunelege Tommy Norman. Han har undersøkt og behandla hundrevis av pasientar som vart sjuke i tida etter at tankane i Sløvåg eksploderte. Folk med uforklarlege utslett på kroppen, sår hals, hovudpine, kvalme og raude auge.

Eller omtrent som sjøsjuke, som Folkehelsa sin spesialist Jan Aleksander kalla det på eit folkemøte, eit ordval som ikkje akkurat auka styresmaktene sin tillit blant folk her omkring.

Midt oppe i svineinfluensaen er kommunelege Norman framleis oppteken med den store helseundersøkinga som trass alt vart igangsett etter Vest Tank.

Men Norman er ikkje nøgd med korkje omfang eller varigheit i undersøkinga. - Sju års oppfølging er for lite til å fange opp langtidseffektane, seier han.

— Eg vil minst ha femten års oppfølging, da kan vi seie noko om eventuell overhyppigheit av kreft og infertilitet i befolkninga. Så lang tid tar det før effektane materialiserer seg.

Ikkje berre Vest Tank

Norman meiner styresmaktene her har ein unik sjanse til å skaffe seg kunnskap og erfaring.

— Og det nyttar ikkje utelukkande å skulde på Vest Tank. Sløvåg-utsleppa er eit samansurium av kjemiske stoff frå ulike verksemder, meiner Norman.

— Blir ikkje dette gjort skikkeleg, er det uråd å prove noko som helst i ettertid.

No håpar han at sanninga kjem fram i den kommande rettssaka.

— Alle forstår jo kva som har skjedd. At dei ikkje hadde lov til å ta imot desse livsfarlege stoffa, at dei starta med fullskala eksperiment som reine amatørkjemikarar. Det berre måtte smelle.