Vegvesenet får ein stor jobb med å reparera E 39 ved Mehammer på Stord etter flaum og ras måndag. Men vegen er ifølgje politi trygg å ferdast på igjen.

Vatnet har ikkje undergravd sjølev vegbanen, ifølgje seksjonssjef Ivar Thorkildsen i Statens vegvesen.

Den sterkt trafikkerte vegen blei opna att for trafikk i dag føremiddag etter å ha vore stengt sidan 15-tida i går. Store og svært lokale nedbørsmengder – rundt 60 millimeter på ein time – var årsak til at flaumstore bekkar tok med seg stein, grus og jord som la seg dels over E 39.

Bustader og hytter i området blei evakuert, to minikraftverk var nær ved å bli tekne av raset. Grunneigarar har fått store skader på inn— og utmark.

Anders Solheim og Bjørn Kalsnes frå Norges geologiske institutt inspiserte terrenget ovanfor og rundt rasområda. Dei ser ikkje stor risiko for nye ras. Heller ikkje demningen som magasinerer vatn til eit minikraftverk står i fare for å brista, ifølgje geologane.

Vegpartiet forbi Mehammer som må reparerast og understøttast, var nytt for berre to år sidan. Ivar Thorkildsen seier at vegen blei overfløymd fordi jord og steinmassar tetta til to røyrgjennomløp under vegen.