ARNE HOFSETH Dødsulykka nyleg, då ein 46 åring frå Skipadalen vart meia ned av ein uvøren bilist på denne strekninga, har sett støkk i bygdefolket. I går tok dei beina fatt for å minna dei ansvarlege om at vegen ikkje er brukande.

— Nifst

— Eg går gjerne kvar fredag, eg. Her må det koma gang- og sykkelveg, eller så må det bli fortgang med å bygga den innregulerte tunnelen, seier Jenny Børven til Bergens Tidende.

Vert riksveg 7 lagt i tunnel på denne strekninga, kan noverande riksveg brukast til lokalveg. Han er knapt nok brukande til det. Aksjonistane våga ikkje alltid å gå på venstre side av vegen i retning mot Øystese. Innmed fjellveggen er det ikkje mykje å gå på, skulle det koma ein bil i møte, rundt svingen.

— Det er heilt nifst at skoleborna går og syklar her, seier Borghild Sekse. Også ho er budd på fleire fredagsmarsjar.

Til vinteren blir det stor auke i talet på tunge køyrety, særleg om kveldane og nettene, medan E16 er stengd mellom Dale og Stanghelle, der to tunnelar skal utvidast.

Folkehav

Det var ikkje særleg mange som la i veg frå Krossen på Øystese-sida ved 17-tida i går. Men stadig fleire slutta seg til etter kvart som dei gjekk forbi husa langs vegen. Då dei møtte flokken som hadde starta frå Norheimsund-sida, vart det eit lite folkehav av det. Bilistane måtte sanneleg halda tunga beint i munnen, og køyra varsamt. Praten gjekk livleg blant dei gåande, mest om elendige vegar og håplause vegsjefar og politikarar, men også om daglegdagse ting.

Initiativtakarane Merethe Gauden og Gro Liland vil ha folkevandring på riksvegen kvar fredag til det skjer noko. Ein grei måte å innleia helga på. God mosjon er det også.

VANDRANDE AKSJON: Bilistane som møtte aksjonistane i går måtte halda tunga beint i munnen. Hardingane vil gå langs vegen kvar fredag, heilt til dei blir høyrt.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH