Organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig sluttar, og Magne Ulvatn trekker seg som leiar for Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Dette er resultatet av den omfattande mobbesaka som har herja fagforbundet i to år.

Får erstatning

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane blei det i dag signert ein avtale som gjer at Kirketeig sluttar frivillig og Ulvatn trekkjer seg frå leiarvervet. Forliket inneber at Jarle Kirketeig får tildelt ei større erstatning som dekkjer oppreising, inntektstap, sluttpakke og erstatning for framtidig inntektstap.

– Saka har no fått si ende, seier Thomas Jarning, advokat for Kirketeig.

Striden i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane har rulla og gått etter at Jarle Kirketeig for to år sidan stod fram og fortalde om det han opplevde som mobbing og trakassering frå leiar Magne Ulvatn.

Trekte anken

Organisasjonsarbeidaren fekk sparken, men aksepterte ikkje oppseiinga. Saka enda i Fjordane tingrett. Der vann Kirketeig fram, og oppseiinga blei kjend ugyldig. Under rettssaka stod også andre personar knytt til forbundet fram og vitna til støtte for Kirketeig.

Forbundet varsla anke, men etter avtalen i dag blir den trekt.

– Eg kan ikkje skildre det på annan måte enn at eg har levd i eit mareritt, seier Kirketeig.

Magne Ulvatn ønskjer ikkje å kommentere saka. Advokat for Fellesforbundet,Kari Andersen, seier utfallet er bra for alle partar.