Personar som skuldar pengar til Husnes båthamn, vert uthengt med namn og beløp, melder avisa Kvinnheringen.

— Ingen kommentar

Namna på dei som enno ikkje har betalt årsavgift vert klistra opp på veggen utanfor båthuset, slik at alle kan sjå.

Då bt.no tek kontakt med styrar i båtlaget, Agnar Melkersen, er han svært ordknapp.

– Eg har ingen kommentar til denne saka, seier Melkersen.

Til Kvinnheringen seier han at båtlaget slit med å få pengar inn få nokre av dei som har fast båtplass i hamna. Styret innførte ordninga i håp om at fleire skulle betale.

17 medlemmar uthengt

På lista er 17 medlemmar oppført, som skuldar alt frå 1700 til nærmare 8000 kroner.

Lokalavisa har blitt kontakta av både båtfolk og andre som reagerer på svartelista.

— Det er jo eigentleg å henge folk ut dette, seier ein anonym båteigar til avisa.

Det er uvisst korvidt svartelista har bidrege til auka betalingsvilje.

Kva meiner du om saka? Sei di meining.

SVARTELISTE: Lista med dei 17 personane som skuldar til Husnes Båtlag er slått opp på veggen.
jonn karl sætre, kvinnheringen