Førde kommune stoppa arbeidet i vinter etter at det blei klart at handelshuseigaren, selskapet Qvam AS ikkje bygde gangbrua i tråd med teikningane som var godkjende. Kommunen godkjende eit arkitektteikna vinnarutkast der grindverket i overgangen hadde rombeform.

Men då Qvam starte oppføringa av gangbrua, bygde dei gitterverket med kvadratiske former.

Sterkt press frå leigetakarane i handelshusa har resultert i løysinga som kjem etter at det dei siste dagane har vore hektisk møteaktivitet. Qvam skal no rive det kvadratiske grindverket, og byggje nytt med rombeform.

Selskapet understrekar at denne løysinga vil gjere at gangbrua får meir stål og dermed blir mindre luftig. Den nye overgangen skal vere ferdig i oktober.