Småbåtane ligg og duppar på fjorden i Mjøsvågen i Hosanger på Osterøy. Tre naust har fått nytt liv dei siste åra. I det eine naustet er det galleri, og i eit anna kafé. I det tredje ligg den einaste treskofabrikken i Norge.

Inge Rune Fanebust er med i veneforeininga Vener av Mjøsvågen, og har vore med på restaureringa. Han står i første etasje i den vesle fabrikken, som blir driven på dugnad.

Rundt han heng treskoa tett i tett. På ein metallstreng langs den eine veggen heng gamle nedstøva sko frå 1950-talet. Årets produksjon heng på den andre veggen. Svarte og trefarga sko plassert side om side.

2500 dugnadstimar

Frå 1924 til 1953 var det full produksjon i den vesle fabrikken. Men på 1950-talet gjekk folk lei tresko, og fabrikken blei lagt ned. I 2004 begynte restaureringa, og Vener av Mjøsvågen fekk etter kvart i gang produksjonen igjen.

— 2500 dugnadstimar har gått med. Men det er verdt det. Me ønskjer å ta vare på Mjøsvågen. Og i tillegg er det sosialt, seier Fanebust.

— Me har julebord i fabrikken kvart år, skyt Jan Åge Rolland inn.

Det er tydeleg at det er ein bra fest.

Dugnadsgjengen møtest kvar torsdag året gjennom for å laga tresko.

— Går de med tresko sjølve?

— Nja...

Dei dreg litt på det.

— Ikkje så ofte. Det er jo ikkje så behageleg å gå med, seier Fanebust.

— Men med tjukke sokkar går det fint, påpeikar Knut Hannisdal.

Bossblomar

Sjølv om ikkje alle synest at tresko er ein fryd for føtene, sel fabrikken fleire hundre par i året. Jo mindre storleik, jo billegare sko.

I det gule naustet ved sida av fabrikken ligg Galleri Mjøsvågen. Fargerike kunstkreasjonar står på eit teppe i første etasje.

— Arild Standal frå Svelgen har laga det han kallar for bossblomar. I staden for å kasta ting, bruker han dei i kunsten sin, seier Else Karin Tysse Bysheim, som driv galleriet.

Ifølgje henne fell bossblomane i smak.

— Fleire eldre damer som har vore innom er blitt begeistra, og vil gjerne kjøpa ein blome, seier ho og ler.

Blir ikkje rik

Else Karin har også sett bygdedyret i Hosanger.

— Det er nokon som aldri har vore her, og som lurer på kven eg trur eg er. Slikt må ein berre ikkje bry seg om.

I andre etasje heng måleri av Thomas Barlow-Wiggin frå Tyssebotn. Her er også ein liten galleributikk. Men galleriet er ikkje til å bli rik av, ifølgje Tysse Bysheim.

— Heldigvis har eg ein mann som tener bra med pengar. Elles hadde det nok ikkje gått. Men det kjem ein del folk hit, særleg frå Bergen, seier ho.

Ho er kunstnar på si. Toving og biletkunst er hovudgeskjeften.

— Håpet er at det skal koma fleire kunstnarar til Hosanger. Me vil gjerne utvida. Det kunne for eksempel ha vore fint med ein smed her, seier ho.

Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson