Ifølgje rovviltkontakt Leif Trygve Varanes var det sikre observasjonar av bjørn i Blådal-området innover mot Folgefonna på 1950-talet. Gaupe er observert så seint som i år, og det er også spor av jerv i dei seinare åra.

Bonde Lars Emil Berge, som nyleg mista to kyr på utmarksbeite i Åkra, fortel at fleire i bygda har hatt mistanke om bjørn også i nyare tid. Men dei har halde observasjonane sine for seg sjølve av frykt for folkelåtten.

Både Lars Emil Berge og faren har mista kalvar på beite dei siste åra. Sauebønder skal óg ha mista dyr på uforklarleg vis. Og ein person skal ha høyrt buring som minna sterkt om lyden av bjørn.