Det blir gammaldans for alle pengane når landets fremste utøvarar samlar seg i Førde frå 1. til 4. august.

— Det er berre tredje gongen landsfestivalen går på Vestlandet. Dette er ein kjempesjanse for danseglade vestlendingar til å få svinge seg til gammal dansemusikk av den beste kvalitet landet har å by på, seier festivalleiar Sigmund Eikås.

Han strekar under den vesentlege skilnaden mellom kappleik og gammaldansfestivalen.

— Mange trur dette er som ein kappleik der publikum sit og høyrer på. Men her er det lov å svinge seg. Alle finalane med dans til dei fem-seks beste gammaldansgruppene i landet, bør verkeleg vere attraktivt.

Finalespelet startar alt om kvelden torsdag 1. august, men brorparten av finalane i dei ulike klassane går fredags- og laurdagskvelden.

Alle dei beste

Landsfestivalen blir i år arrangert på nytt tidspunkt, første helga i august. Den lokale arrangøren var lenge spent på om dette ville gje utslag på deltakarlista, men alle dei mest kjende gammaldansutøvarane er no på plass.

— Det er to-tre grupper som manglar. Men elles har dei fleste vinnarane frå dei siste åra meldt seg på. Totalt snakkar vi om kring 1000 deltakarar i dei ulike klassane innanfor solo-, gruppe- og lagspel, seier Eikås.

Indre Sunnfjord arrangerte den aller første Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 1986. Som den gongen, blir Førdehuset konkurransestad også i år.

Spente på økonomien

Det mest spennande for arrangøren blir økonomien. På dei to siste års festivalar er det matservering og ølsal som har gitt klingande mynt i kassen.

— På grunn av at restauranten i Førdehuset har rett til ølsal, kan vi ikkje rekne med like store inntekter, seier Terje Lyngstad, som er presseansvarleg for arrangementet.

I samband med festivalen blir det laga til provisoriske campingplassar to stader i Førde, og skular blir nytta til overnatting.

— Kring 200 vognplassar er tinga, og det betyr at festivalcampen er full. Også alle hotella er fullbooka, opplyser Lyngstad.