Han dukka opp då ei lang rekke med garderobeskap i stål vart fjerna.

– Veggen er frå hotellet var nytt. Ein så flott vegg skal ikkje gøymast lenger, seier hotelleigar Gerd Tønjum.

Ho har sytt for at veggen er blitt kvitmåla og opplyst.

Etappevis

Den storstilte utbyggingsplanen for hotellet er oppdelt i fem ulike prosjekt. Det er direktør Knut Kettermann glad for. Han han seia stopp dersom økonomiske nedgangstider slår negativt ut for reiselivsnæringa neste år.

– Vi har ikkje bestemt oss for å kutta ut noko som helst ennå. Vi har tid til å venta til vi ser korleis marknaden utviklar seg på nyåret, seier Kettermann.

Gjenopprettar balanse

– Men ein god del arbeid ar alt i gang?

– Det er prosjekt som vi i alle fall måtte gjennomføra for å driva hotellet vidare på fornuftig vis. Vi har sett i stand symjehallen, og fornying av nattklubben er snart ferdig. Og vi er i gang med utviding av kjøken og matsal. Det var ein føresetnad då vi opna ny gjesteromsavdeling i stasjonsbygningen på Voss stasjon, seier Kettermann.

Han omtalar desse arbeida som gjenoppretting av balansen mellom gjesterom og andre fasilitetar på hotellet.

Den verkelege utvidinga av hotellet reknar han som ikkje påbyrja. Dermed kan dei påverkast av nye framtidsutsikter på nyåret.

Dører som trylla bort

Mellom spisesalen og anleggskjøkenet ute på terrassen er det bygt ein korridor slik at servitørane kan ferdast tørrskodde og lettkledde. Svingdørene til det gamle kjøkenet er attspikra, men ikkje i vanleg forstand. Det er gjort så fint tapetiseringsarbeid at ingen kan sjå at det nokon gong har vore dører der.

TAPETSERT: Her var ei av dørene mellom kjøken og matsal, fortel sals- og marknadssjef Solvor Dolve.
Arne Hofseth
FRAM I LYSET: Ein vegg frå hotellet var nytt i 1889 er gjenoppdaga bak garderobeskap på Fleischer's Hotell. - Veggen skal ikkje gøymast meir, seier hotelleigar Gerd Tønjum og direktør Knut Kettermann.
Arne Hofseth