Næringsliv og politikarar i Nordhordland og Ytre Sogn reagerer kraftig. Dei meiner bilferja M/F «Etne», bygt i 1979, ikkje tilfredsstiller dagens krav, og protesterer no overfor Statens vegvesen. Tide fekk i vår tildelt åtte nye år med ferja på riksvegsambandet over Fensfjorden. Anbodet gjeld frå 2011 til 2018. Ved utgangen av perioden vil ferja vere nesten 40 år.

– Vi vil sterkt påpeike at Vegvesenet med denne konklusjonen ikkje set noko krav verken til miljø, tryggleik eller universell utforming, heiter det i eit protestskriv frå ordførarane i Gulen og Masfjorden og leiarane i Nordhordland Handverk— og Industrilag og Gulen Næringsråd.

Set ingen krav

Ifølgje brevet har det kome sterke reaksjonar etter at det blei kjent at Tide vann anbodet basert på å bruke den gamle ferja. Avgjerda er teken trass i at ei ny stortingsmelding understrekar at miljøomsyn og utforming skal leggjast vekt på, når staten gjer innkjøp.

– Det er svært skuffande at Vegvesenet ikkje tek høgde for at eit anbod som skal gjelde for mange år framover, følgjer føresegner som blir gjort gjeldande, meiner næringslivsleiarane og ordførarane.

Rågjevar Lise Olsmo Oen i Statens vegvesen seier dei nye retningslinene ikkje hadde trådd i kraft då anbodet blei utlyst.

– Vi har følgt ein standard som galdt for heile landet då sambandet blei lyst ut, seier ho.

Det nye regelverket stiller langt strengare utsleppskrav. Olsmo Oen seier ho ikkje kjenner til om ferja «Etne» stettar desse nye krava.

Tryggare med ny ferje

I brevet understrekar dei at ferja kryssar Fensfjorden i eit område der mellom 3000 og 4000 båtar går for å kome til kai kvart år, anten på Mongstad eller til industriområdet i Sløvåg. Med satsing på CO2-fangst på Mongstad, ny oljeterminal i Sløvåg og planar om industriell utvikling og ilandføring av gass same stad, vil talet på skipsstopp berre auke.

– Trafikken i skipsleia er alt stor, og mykje tungtrafikk kryssar fjorden med ferja. Ei ny og driftssikker ferje vil kunne redusere risikoen i fjordbassenget.

Statens vegvesen argumenterer med at alle norske ferjer skal ha fornya sertifikata sine annakvart år. Så lenge dei går gjennom denne kontrollen, er dei trygge å bruke.

– I området er det også ei problemstilling kring ferjekaiene. Dei er slik at det er vanskeleg å få tak i ferjer utan å byggje nytt. Det blir dyrt, seier Olsmo Oen.

Ifølgje Vegvesenet skal ferjekaiane på kvar side av Fensfjorden rustast opp. Dette arbeidet skal starte i haust.

Fryktar ulukke

Ferjesambandet har i dag til dels store puljar med gåande, pendlarar til Mongstadområdet og skuleungdom til Austrheim vidaregåande skule.

– I dag er det ingen skilje mellom dei gåande og trafikken. Etter vår meining er det ein stadig aukande risiko for alvorlege ulukker, skriv leiarane for dei to næringslivsorganisasjonane, Steinar Østerbø og Svein M. Nordvik, og ordførarane Håkon Matre og Trude Brosvik.

Dei meiner ei ny ferje vil leggje betre til rette for både tungtrafikk og mjuke trafikantar, og oppmodar Statens vegvesen om å sjå på saka på ny:

– Å leggje seg på eit nivå der ein gammal standard skal vare i nye åtte år, gjev ingen gode framtidsutsikter for området.

Vegvesenet vil ikkje endre på kontraktstildelinga til Tide.

– Men det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å skifte ut ei ferje i ein anbodsperiode. Det blir i så fall ei sak fylkeskommunen skal ta stilling til, sidan dette er eit samband på ein av riksvegane fylka tek over ansvaret for frå årsskiftet, seier Lise Olsmo Oen.