1. desember 1981, på sin eigen 40-årsdag, vart Fritz Moen dømd for drapet på Sigrid Heggheim frå Jølster. På dagen 20 år seinare, den dømdes 60-årsdag, skal Hålogaland lagmannsrett vurdere om saka skal prøvast på ny.

— Dersom vi får rett i at Fritz Moen er uskuldig dømd for to drap, står vi overfor eit justismord som overgår Liland-saka, seier spesialetterforskar Tore Sandberg til Bergens Tidende.

Sandberg har arbeidd med drapssakene frå Trondheim i over tre år. Saman med advokatfirmaet Elden har han fremja kravet om at Fritz Moen får prøve saka si på ny.

Sona over 18 år

Den sterkt tale- og hørselshemma og fysisk handikappa Fritz Moen vart i Frostating lagmannsrett dømd til 21 års fengsel for to drap i Trondheim midt på 70-talet. Moen har sona 18 og eit halvt år i fengsel. Han slapp ut for to år sidan, etter å ha hatt fem års sikring. Dei to drapa, på Sigrid Heggheim og Torunn Finstad, fann stad med kring eitt års mellomrom. Jølster-jenta Sigrid Heggheim hadde berre vore ei veke i Trondheim då ho forsvann etter å ha vore på dans i Studentersamfunnet 4. september 1976. Først ei veke seinare vart ho funnen på Nidarvollen, ein kilometer frå hybelen sin. Hausten 1976 var tre personar i politiets søkjelys, men alle vart sjekka ut av saka.

Eitt år etter

Kring eitt år seinare vart Torunn Finstad funnen drepen i same området i Trondheim. Etterforskinga viste fleire likskapspunkt til drapet på Sigrid Heggheim.

Fritz Moen kom den gongen raskt i søkjelyset, fordi han hadde blotta seg i området. Etter lange politiavhøyr tilstod han drapet på Torunn Finstad, og i mai året etter vart han dømd til 21 års fengsel. Høgsterett reduserte seinare straffa til 16 år.

Fire år etter at Moen var dømd for Torunn-drapet, opna politiet for ny etterforsking i Sigrid-saka. Grunnen var dei mange fellestrekka mellom sakene. I samband med den nye etterforskinga flytta politiet drapstidspunktet med eitt døgn. Dette gjorde at Moen ikkje lenger hadde alibi.

I avhøyr gjort i fengselet tilstod Fritz Moen at han også hadde tatt livet av Sigrid Heggheim. Dermed blei det ny rettssak, og 17. desember 1981 fall dommen. Straffa blei auka til 21 år.

Heilt uvanleg

Då trønderen vart dømd, stod hans eigne tilståingar heilt sentralt. I ettertid har den drapsdømde gått tilbake på tilståingane. Han seier no dei kom som resultat av eit umenneskeleg press frå politiet.

Gjennom munnlege forhandlingar heile siste veka før jul skal Hålogaland lagmannsrett ta stilling til kravet om å reise saka på ny. Vitne skal førast i rettssalen i Tromsø, mellom anna er fleire politifolk stemna og Tore Sandberg skal sjølv i vitneboksen. Den drapsdømde skal også vere til stades.

— At dette skal skje gjennom munnlege forhandlingar i retten, er høgst uvanleg. Normal prosedyre er at retten gjer ei skriftleg vurdering i slike saker, seier Sandberg.

Når saka går i Hålogaland og ikkje Frostating er grunnen at Olav Jakhelln, som var aktor og statsadvokat i den eine rettssaka, no er lagdommar i Frostating.