Han rår til at produksjonen skjer etter kok og kjøl-prinsippet som i Bergen, og er ikkje einig med ei arbeidsgruppe i at Kvinnherad kommune bør laga eit nytt sentralkjøken eller samarbeida med andre kommunar.

Valen sjukehus har gitt kommunen tilbod på å laga middag til pensjonærane på Husnes sjukeheim. Prisen er akseptabel, men tilbodet baserer seg på servering etter koking.

Kvalitetsmessig er det betre først å kjøla ned middagen og deretter varma opp etter behov, meiner Sætereng. Hovudutval for helse og sosial handsamar saka torsdag.