Den slitne ferja er på heimferd til Hardanger, plassert på lasteskipet «Eide Trader» sitt enorme, nedsenkbare dekk. Først får ho ein tur gjennom Østersjøen til Finland, der «Eide Trader» skal levera anna last, før «Folgefonn» er på plass hos sin nye eigar Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund i slutten av mai.

Laurdag gjekk «Eide Trader» opp Themsen og tok om bord «Folgefonn» ved Tilbury nedanfor London. Den tidlegare HSD-ferja har der lege som klubblokale for Erith Yacht Club. Prosjektleiar Asbjørn Sivertsen i reiarlaget Eide Marine Services fortel at operasjonen gjekk smertefritt, trass den sterke straumen i elva. «Eide Trader» har operert på Themsen fleire gonger før.

Ved Hardanger Fartøyvernsenter skal «Folgefonn» gjennom omfattande restaurering og bli museumsattraksjon i Norheimsund. Båten, levert frå Bergens Mek. Verksted 2.juni 1938, var ein av dei første her til lands som var spesialbygt for biltransport. «Folgefonn» tok 20 bilar og trafikkerte i mange år sambandet Kinsarvik-Kvanndal-Utne.