REIDAR STORAAS

Så glor du hit og dit i von om å finna tallerkar av same slaget som dei du har i hytta. Her trengst supplering etter uhell. Men kvar gong du freistar bøta skaden, er det like fåfengt. Sausenebber og sukkerskåler finst i fleng, men aldri ein lytelaus tallerk av rett sort. Ein lyt ta til takke med eit liknament, som dei sa.

No vedgår eg at kjøpetrongen har veikna med alderen. Me har det me treng og meir til. Å få ting ut or huset kjennest som viktigare gjerning enn å henta inn. Tidlegare kunne ein gå heilt i spinn i antikvitetshandelen når vakker gamal husbunad og fager pynt baud seg fram til overkomeleg pris. Freistingane gav varig glede. Plassert i eigen heim er dette ting ein fester seg til gjennom år og ikkje godviljug skiljer seg med.

Merkeleg med gamle ting. Har dei funnest i eiga slekt, er det noko sers. Og verdi får dei jamvel om dei kjem frå framand stad og har vore brukt av menneske ukjende for oss — om dei då ikkje har festa namn og årstal til kjenge eller kiste. Me har gjenstandane kring oss. Dei er ein del av kvardagstilværet.

På messa ligg utsala tett i tett med sine uteljande tilbod. Men det er ikkje lenger uframkomeleg mellom stolar og reolar, bord og diskar. Folkefjølden har minka, og det er helst medaldra og eldre menneske me ser, slike som oss. Stemninga i lokalet har og skifta. Mindre summing av røyster, mindre akkordering og pruting, mindre kjøpekjæte i det heile.

Ein seljar snakka i nostalgiske vendingar då me prata oss inn på emnet.

— Før høyrde me støtt: «Ei slik veggklokke hadde mormor då eg var liten, den var det sanneleg gildt å sjå att!» Eller dei fall i stavar ved gjensyn av eit fat: «Eg hugsar at me hadde eit heime, med akkurat slike blomar. Det der vil eg ha!». I dag er slike replikkar borte. Me saknar dei!

Noko av sjarmen ved dette yrket er å få del i minnekransen til kundane. Brått rivnar forhenget til barndomen. Attersyn med eit veggur, ei keramikkskål, eit framskåp eller porselensfigur løyser ut minne frå farne år. Menneske ein kjende seg knytt til står fram slik dei gjorde i levande live, med blink i brilleglaset og ein logn replikk. «Du og eg, veit du.» Og då var det ikkje langt til brødskiva med sukker på og raud saft i glaset. «Du og eg!» Me ser andletet til ei gamal bestemor eller ei faster i godlag. På ei slik messe vert ein konfrontert med det förflutna, som svensken seier.

I dag skal alt vera moderne design, utforma slik at det er praktisk, lett å halda. Utskiftingane aukar i tempo. Ungdomen bryr seg mindre om nedervt og gamalt. Antikvitetsbransjen har labre tider, innrømer ein triveleg kar attom disken. Han sannar meldinga i morgonradio nyss om forretningar fulle av gamalt men utan kundar. Stadig fleire lyt stengja dørene for godt.

Alt går i bylgjer, trøystar karen seg med. - Folk blir lei av nytt og blankt alle vegar. Om ti år er det høgste mote å omgje seg med vakkert, gamalt og velbrukt. Og då er dei tilbake som gode kundar.

Du skal berre sjå ...