Og verftet gjer det ikkje i skjul for å kosta problemavfall under teppet. Statens forurensningstilsyn (SFT) applauderer løysinga, som i tillegg gir offshoreverftet ein 215 meter lang djupvasskai og 19 mål nytt industriareal.

— Eit pionérarbeid som vi er rimeleg stolte over, seier Harald Molvik. Han er helse-, miljø- og tryggleiksingeniør ved Aker Stord.

Aker Stord brukar store summar på å fjerna miljøgiftene som låg att på botnen utanfor gamleslippen etter at nybygde og nyreparerte båtar var påført PCB-haldig måling og botnsmurning. Heile operasjonen med opprydding og bygging av ny kai kostar rundt 80 millionar kroner.

SFT har rekna ut at det vil kosta i alt 25 milliardar kroner å rydde alle kai- og slippområde ved norske verft for PCB.

Natur og ungdom

Det var miljøaktivistar i Natur og ungdom som i 1998 påviste PCB-forureininga ved Aker Stord.

Flest PCB-partiklar blei funne i dei øvste ti centimetrane av slammet på botnen. Ved hjelp av ein stor grabb har Aker fjerna eit 30 cm tjukt lag av mudderet, løfta det opp på store fiberdukar, silt av vatnet om bord i ein lekter, og deretter sydd igjen dukane til store «PCB-pølser».

Rundt 14.000 kubikkmeter botnmasse er henta opp og pakka inn som 115 «pølser» som blir deponert inst i området som skal bli det nye kai- og industriområdet.

Oppå «pølsene» blir det lagt nok ein fiberduk som skal hindra utrenning av PCB frå eldre fyllingar, deretter blir dei tildekte med leire, pukk og sand.

Maureen-kaien

Verftet brukar nemninga Maureenkaien om den svære plattingen som blir skapt i kjernen av det gamle skipsbyggeriet på Tjøtteinen. Årsaka er at også store stålsylindrar frå den britiske oljeplattforma Maureen Alpha dannar fundament for nyekaien.

Maureen ligg oppankra i Digernessundet, der Aker Stord i haust tok til med demoleringa eller opphogginga av ho. Til hausten skal tre store, avkappa ringar av stål og betong frå Maureens lagertankar og skjørt - i alt 53.000 tonn - flytast inn til verftet og setjast på botnen framfor «PCB-pølsene».

Tre gamle betongpillarar som verftet før har nytta til «parkering» av nybygde plattformdekk skal kappast opp og bli Maureenkaiens front. I tillegg skal betongfundamentet til Maureens lastebøye knusast for å bli grunnmateriale i kaien.

Bak kaien er Aker Stord i ferd med å sprengja ut store mengder lausmasse som óg skal bli kaifylling.

Maureenkaien vil gå 16 meter djup på det meste. Anlegget blir ferdig til neste år når storoppdraget med Kristin-plattforma inntek byggehallane på Aker Stord.

KAIFUNDAMENT: 115 slike pølser med 14.000 kubikkmeter PCB-infisert masse blir sleppte ned på botnen og seinare innkapsla i den nye Maureen-kaien på Aker Stord.
Illustrasjon: Tor Sponga