Arne Gjerde (V) seier til avisa Kvinnheringen at det stinkar av saka, han kan ikkje sjå at ein pengemann frå Bergen skal kunna velta om på alle dei lovar og reglar som gjeld i slike saker.

Striden handlar om ein søknad frå Galtung Døsvig om å få disponera eit tilleggsareal ved hyttetomtene sine på Ænes for å hindra at andre skal kunna byggja inntil hytta hans. Øyvind Hardeland (Ap) seier at han har mistanke om at venskap og kameraderi ligg bak Fylkesmannen si avgjerd.

Galtung Døsvig seier at han opplever at Kvinnherad-politikarane hersar med private menneske for ein bagatell om ei tomt på 600 kvadratmeter.

HYTTESTRID: Knut Galtung Døsvig.