— Nei, eg spring ikkje. Det er vel meir som ein rask gange, seier 39-åringen på veg opp det første strekket frå Lyderhornslien til toppen av fjellet.

BT sine to utsende strevar litt med å halda følgje med sprekingen når både snakketøyet og beina går i eitt på veg opp det 396 meter høge fjellet. Mannen frå Loddefjord erobrar helst fjelltoppen fleire gongar til dagen.

Det heile starta i mars 2005. Postmann Børø sleit med magesjukdom, og var ikkje i god form. Sjølv seier han at «det var som om maten rann rett gjennom». Legen råda han til å byrja med mosjon.

— Så ein dag berre gjekk eg opp på fjellet, seier han.

På den tida vog Børø 95 kilo, og turen til toppen tok 55 minutt.

— Då eg stod der heilt utkjørt på toppen, tenkte eg at dette slett ikkje var noko for meg.

Set rekord

Men det han tenkte då, viste seg å vera feil. Dagen etter var han på veg opp att, og i 2005 gjekk han 220 turar frå heimen i Lyderhornslien til toppen av fjellet.

— Dei første 14 dagane var knalltøffe. Men det var berre å stå på. Etter eit par månader kjende eg at forma tok seg kraftig opp både fysisk og mentalt, og då var eg i gong.

Turen går ein god del fortare no enn han gjorde då han starta. 95 kilo har blitt til 68, og ein 55 minuttars tur har blitt til eit snitt på 18. Den personlege rekorden er på 13 minutt, og i år har han allereie slått rekorden som gjeld talet på Lyderhorn-turar i året. Den gamle høyrte til Paul Ove Straume og var på 502 turar.

— Eg reknar med å komma opp i nærmare 580 turar før året er omme. Må jo setja ein solid rekord, seier Børø.

Trend i nabolaget

Etter at han byrja gå til topps, har fleire i nabolaget kasta seg på bølgja. Fleire går både 200 og 300 turar i året, og på veg til toppen laurdag treff Børø på naboane Lorense Vilnes og Olav Øvrebø.

— Me konkurrerer litt venskapleg mot kvarandre, men me er sjanselause mot han her, seier Øvrebø og peikar på Børø.

For kvar tur signerer turgåarane med namn og turnummer i ei bok som ligg og ventar på toppen. Slik held dei oversikta.

— Eg har aldri treft eit surt menneske her, seier Børø.

— Den gode stemninga kjem kanskje av at alle har eit felles ærend. Eg har denne naturen og friske lufta å takka for at eg er frisk, og kunne aldri ha sett fot i eit treningssenter. Slike Tarzan-fabrikkar er ikkje noko for meg.

Presis klokka 18 nyårsaftan skal postmannen stå saman med gode turnaboar og skyta opp rakettar frå toppen av fjellet. I det nye året skal han trappa litt ned på fjellturane.

— Men den ståande rekorden på ti turar på éin dag - den skal eg slå.

BESETT AV FJELLET: Dei som ser meg som ein galning, er nok berre misunnelege på at dei ikkje har fått til noko slikt sjølv. Eg kallar det ein sunn galskap, ler Knut Øivind Børø. På det meste har han gått opp og ned Lyderhorn fem gongar på éin dag.
Brekke, Eirik
TURKAMERATAR: Skal ein gå raskt, er det best å gå søndag. Då er det mest folk og det gir energi samtidig som ein får tøffa seg litt, seier Børø (i midten). Treff han på folk i løypa, er det alltid god stemning. Her med naboane Lorense Vilnes og Olav Øvrebø.
Brekke, Eirik