Då ein mann i Voss sentrum kom heim frå arbeid natt til i dag, oppdaga han at bilen hans var vekk. Litt seinare observerte mannen at bilen kom køyrande tilbake og vart pent parkert i gata. Ein person gjekk ut av bilen og spaserte vekk.

— Det var ingen brytemerke på bilen. Dette var ein eldre bil med ein enkel nøkkel. For dei som kan slikt, treng ein ikkje nøkkelen for å stikke av med bilen, seier politibetjent Kjell Fester ved Voss lensmannskontor.

Bilen var nær tom for bensin då bileigaren sist sette bilen frå seg. Men biltjuven var galant nok til å fylle på tanken før den vart levert tilbake.

Det er ikkje første gong politiet på Voss har fått inn meldingar om bilar som er tjuvlånte. I januar vart ein tilsvarande episode meldt til politiet på Voss.

Politiet sjekker no med bensinstasjonane, for å finne ut kven som har fyllt bensin i natt.