EYSTEIN RØSSUM

Det spørsmålet vil Gaia Tafikk gjerne ha eit skikkeleg svar på. Nå etterlyser dei vitne til episoden, som var slått opp på førstesida i Bergensavisen i går.

Klokka var 17.10 då Siv Sætveit skulle gå om bord på buss nr. 22, med kurs for Nesttun, saman med sonen Christopher (1 1/2). Han sat i ein sportsvogn, og Sætveit hadde skubba vogn og barn halvvegs inn på bussen då døra gjekk igjen.

— Sportsvogna hamna i klemme mellom bakdørene. Ho vart pressa på høgkant og hang fast. Eg sprang etter bussen og skreik og skreik, men sjåføren høyrde meg ikkje, fortel Siv Sætveit til BA.

Først etter å ha køyrt i ti meter skal sjåføren har vorte varsla av passasjerar, slik at han fekk stoppa og opna døra igjen.

Sjåføren har gitt ei anna forklaring av det som hende.

— Han seier at han ikkje såg kvinna, lukka døra bak og var klar til å køyre ut frå haldeplassen då det vart løyst ut ein alarm, seier marknads- og informasjonssjef Nicolay Leganger i Gaia Trafikk.

Alarmen varslar når noko har kome i klem.

— Sjåføren seier at bussen berre så vidt var sett i rørsle før han stoppa og opna opp igjen, seier Leganger.

Gaia-sjefen understrekar at dei ikkje nå prøver å dra i tvil forklaringa til Sætveit.

— Vi tek dette veldig alvorleg Difor er det viktig for oss å få snakke med dei som såg opptrinnet. Berre på den måten kan vi få klarlagt skikkeleg kva som faktisk hende, seier Leganger.