PER MARIFJÆREN

Den 28 år gamle sunnfjordingen har anka dommen frå tingretten, der han vart dømt til 18 månaders fengsel. I tillegg må han betale offeret over 100.000 kroner i erstatning, oppreising og tapt arbeidsforteneste.

Framleis sjukmeld

Gulating har sagt nei til å behandle skuldspørsmålet på nytt, og skal såleis berre behandle spørsmåla rundt straffeutmåling og erstatningar på nytt.

— Eg har tidlegare bede lagmannsretten om å avskjere forsvaret sine vitne i denne ankesaka, fordi vi meiner desse vitna er unødvendige når skuldspørsmålet allereie er avklara, seier aktor i saka, 1. statsadvokat Jan Hoel. - Eg har nettopp fått vite at retten no utset saka for å ta standpunkt til om desse vitna skal møte eller ei.

Ifølgje Hoel dreier dette seg om i alt seks vitne innstemna av forsvaret. Det er enno uvisst når saka vil bli beramma på nytt.

Advokat Robert Fonn skal bistå den fornærma 41-åringen, som altså vart tilkjent erstatningar på over 100.000 kroner. Ifølgje Fonn er mannen framleis sjukmeld og arbeidsufør etter det som skjedde natt til 23. februar 2002.

— Det er håp om at han kan komme seg tilbake i arbeid, men først må han legge bak seg desse rettssakene, seier Fonn, som kjem til å fremme det same kravet om erstatning som i tingretten. Her kravde han 25.000 kroner meir enn det klienten vart tilkjent i oppreising.

Det var i mai i år at Sunnfjord tingrett fann «Gaahl» skuldig i å ha utøvd vald over tid, vald som i følgje retten har karakter av mishandling. Retten trudde også på fornærma si forklaring om at han skal ha fått utdelt eit beger han skulle blø i medan mishandlinga pågjekk.

Med referanse til ei tidlegare valdssak mot «Gaahl» peika tingretten på at «to personar no har fått lange periodar i liva sine øydelagt av tiltalte sin råskap».

Forsvararen til 28-åringen, Christian Eckhoff, var ikkje tilgjengeleg for kommentar i går.

ANKA: Den 28 år gamle sunnfjordingen som kallar seg «Gaahl», har anka dommen frå tingretten.