Laurdag om to veker vert Hardangerbrua opna for trafikk. Då kan vi køyra ferjefritt inst i den vakre fjorden.

Men du kan også ta beina fatt. Brua er bygd med gang— og sykkelveg for dei som vil ta seg god tid over fjorden. I eine enden av brua er det også bygd rasteplass og utsiktspunkt der bru og landskap kan nytast i fulle drag, om du skulle meina brua er vakker.

Gratis første helga

Det meiner i alle fall Bente Johnsen Aase som er assisterande prosjektleiar og har arbeidd med Nord-Europas lengste hengebru i fleire år.

— Eg er kjempestolt. Det er blitt akkurat så flott som eg håpa på. Det er ei kjempeoppleving å gå over. Denne turen bør alle unna seg, seier ho.

Det turkise rekkverket strekkjer seg over fjorden og svingar langs fjellsidene på begge sider der gang- og sykkelveg held fram.

Brua skal betalast med bompengar, men spaserturen er gratis. Første helga er det også gratis for bilistane fram til midnatt søndag kveld.

Attraksjon

Det er laga snuplass i Vallavik for turistbussar og andre som vil sleppa av passasjerar. Derifrå går gangvegen opp til ein liten tunnel som fører ut til brua i fjellveggen. 1310 meter seinare går ein i land på andre sida.

Det siste målararbeidet kjem til å halda fram utover hausten. Brukassen og kablane brua heng i, skal ha siste stroket. Przemystaw Wiewiorski og arbeidskameratane er alle frå Polen. Dei er spesialistar på dette arbeidet. Når denne brua er ferdig, er det vidare til neste. Przemystaw sit i ein stol som vert heisa opp og ned langs kablane. Han malar dei kvite med vottar som han dypper i maling.

— Likar du utsikta der oppe, spør vi.

— I love this country , smiler han.

Ta bussen

Bruselskapet og fem Hardangerkommunar inviterer til folkefest opningsdagen. Først skal det vera familiefest ved brua i Vallavik frå klokka 11.00. Klokka 12.30 skal Liv Signe Navarsete stå for den offisielle åpninga. Om alt går bra, er vegbana rydda til klokka 14.50 då ferjene går for siste gong.

Artistar frå Voss og Hardanger skal stå på scena i bakkane oppanfor kaien i Vallavik med Arne Hjeltnes som konferansier.

Seinare på kvelden vert det fest i Eidfjord.

Det er tatt høgde for fem tusen tilreisande, men det vert fullstendig kaos om alle kjem køyrande. I Vallavik finst det omtrent sju parkeringsplassar.

— Vi har sett opp shuttlebussar frå Granvin, Ulvik, Eidfjord og Kinsarvik. Det er viktig at folk bruker bussane, seier Johnsen Aase.

KJEMPESTOLT: Bente Johnsen Aase, assisterande prosjektleiar. FOTO: JO HJELLE.