Magnus og Magnus vart kjende med kvarandre allereie på fødeklinikken. 30. november og 1. desember fylte dei tre år, dei går i same barnehage og er naboar på Vassenden i Jølster.

I barnehagen har dei lært om Yebo gjennom Forut (solidaritetsaksjon for utvikling) sitt prosjekt. Yebo er seks år og bur i ein fattig landsby i Sierra Leone, men i filmane borna har sett om henne, ser dei at ho er oppteken av mykje av dei same som dei sjølve. Difor var valet eigentleg ganske lett då gutane skulle ha felles bursdagsselskap.

« I staden for fleire traktorar vil me ha pengar til Yebo» sto det i invitasjonen som vart sendt ut til barnehagevenner og deira foreldre. Til bursdagsfeiringa på barnehagen sin naturleikeplass kom dei små gjestene med konvoluttar det sto «til Yebo» på. Så var det felles kos rundt bålet med kakao og gløgg og aking for både store og små. Totalt 1200 kroner vart samla inn.

Janne Kjøsnes, mor til ein av Magnusane, innrømmer at det var foreldra som først kom med ideen om at i staden for å bruka pengar på leikar til gutane kunne gjestene gi ei gåve til landsbyen der Yebo bur.

– Me ønskjer å læra dei noko om å hjelpa andre. Ungane har ikkje etterlyst pakkane, og det vart ei strålande bursdagsfeiring. Fleire av foreldra som kom, lurte på om me ikkje kan gjera det slik neste år òg, fortel ho.

– Me har aldri vore borti maken, smiler Ellen Bjølseth, informasjonssjef i Forut.

– Det er spesielt at så små born gir frå seg alle presangane sine. Pengane kjem til å gå til bygging av skular i Sierra Leone, fortel ho.

GODE VENER: Magnus og Magnus vart kjende med kvarandre allereie på fødeklinikken. Dei går i same barnehage og er naboar på Vassenden i Jølster. FOTO: PRIVAT