Lensmann Vebjørn Moa opplyser til bt.no at dette er første gongen politiet på Eid har beslaglagt det flytande partydopet GHB, og han er heilt sikker på at det kjem fleire pågripingar i saka.

1,5 liter GHB tilsvarer omlag 300 brukardosar.

— På blokka har vi namn på ei rekke personar som vi ønskjer å avhøyre, seier Moa. – Det er enno tidleg i etterforskinga, men at det blir fleire pågripingar reknar eg for sikkert.

Det var onsdag den sikta vart pågripen, og i går gav Nordfjord forhøyrsrett politiet medhald i fengslingskravet på fire veker, to av dei med brev- og besøkskontroll.

Trass i det store beslaget meiner lensmannen at rekrutteringa til narkotikamiljøet i kommunen er gått tilbake, særel etter opprullinga av eit stort hasjmiljø for eit par år sidan.

— Vi er ikkje så naive at vi trur det ikkje finst noko narkomiljø her lenger, men merkar likevel godt at både foreldre og dei unge sjølv er blitt langt meir medvitne, seier Eid-lensmann Vebjørn Moa.