Begge desse faga var òg blant dei beste om vi ser på standpunktkarakterane. Det beste standpunktfaget var engelsk med 3,78. Biologi fekk eit veldig stort sprik mellom standpunkt— og eksamenskarakterar. Ved standpunkt var det nest beste fag med eit respektabelt snitt på 3,74, men på eksamen gjekk det gale for mange. Snittet rasa ned nesten eit heilt karakterpoeng til 2,91. Dermed vart biologi det faget med klart lågast snitt på eksamen.

Berre ein halv prosent av karakterane som vart delt ut ved eksamen i år var strykkarakter. 46,9 prosent av alle eksamenskarakterane var anten fire, fem eller seks. Ved standpunkt førte fattige 0,06 prosent av karakterane til stryk. Andelen som fekk toppkarakteren seks var 4,1 prosent ved eksamen og 3,4 prosent ved standpunkt.

Fylkesopplæringsdirektør Gunnar Dale er godt fornøgd med resultatet i år.

— Det er eit resultat som blir vanskeleg å slå, men vi er ikkje tilfreds og skal jobba vidare med å heva snittet, fortel Dale.

Han er godt fornøgd med at ein har lukkast med å få ei nivåheving for alle lag av elevar etter Reform 94. — Det er eit stort framsteg at vi får ungdommen gjennom vidaregåande skule. Vi har lite stryk, og elevane kjem seg vidare til neste steg, meiner Dale.

Det gode resultatet meiner han kjem av at skulane har arbeida med å differensiera undervisinga, og såleis tilpassa undervisinga til den enkelte elev sine føresetnader.