EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noDet var midt på blanke dagen i går at dei to unge mennene på 17 og 21 år frå Askøy forsynte seg frå eit hus på Kjerrgarden. Byttet vart stort: Både fjernsyn, ein videospelar, CD-spelar, minidisc-spelar, høgtalarar og fire bildekk på lettmetallfelgar fekk dei med seg. Men korleis skulle dei frakte alle sakene vidare? Løysinga vart å satse kollektivt. Drosje vart bestilt, og medan drosjesjåføren såg på med veksande skepsis, lempa tjuvane inn både bildekk og fjernsyn.Samtidig hadde politiet fått beskjed frå vitne som hadde sett søndagsarbeidet til dei mystiske flyttemennene. Dei rykte ut, og berre nokre hundre meter frå huset vart ekvipasjen stoppa. Då var drosjen stappende full med tjuvegods.— 17-åringen vart sett fri etter avhøyr. 21-åringen vart sett i arresten over natta. Han har fleire andre uoppgjorte saker med politiet, og det blir truleg bedt om varetektsfengsling måndag, seier lensmannsbetjent Lars Geitle.