— Vi har vaksne døtre, og dei sat her på trappa og gret, seier Ingebjørg Bjorøy.

Nedanfor hagetrappa ligg årsaka til at dei gret: Tvers over den idylliske stien på bergknausane ned til fjøra, har nokon støypt ein betongveg. Brei nok til ein bil.

— Han gjorde det i slutten på april. Vi såg det først då vi kom ut rundt 1. mai. Vi fekk hakeslepp, seier Bjorøy.

Ifølgje mannen hennar, Magnar Bjorøy, er vegen bygd utan at grunneigarane, Bjorøy sine tre brør, blitt spurt.

Vegbyggjaren hadde heller ikkje søkt kommunen om løyve, noko som er naudsynt: Området er regulert til hytteformål med plankrav, noko som gjer at ein må søkje om dispensasjon frå reguleringsplanen for kvar minste endring.

— Vi sjølve får ikkje snu ein stein utan å søkje kommunen, og så kan han berre gjer dette her, tordnar Ingebjørg.

Sint på kommunen

For det er ikkje berre naboen sin betongveg som gjer ekteparet Bjorøy forbanna. Det at det no har gått over eit halvt år sidan kommunen vart varsla utan at noko har skjedd med vegen, hjelp ikkje akkurat på humøret.

Vegbyggjaren har i ettertid søkt om å få godkjent vegen, men saka vart sendt i retur av kommunen på grunn av manglar.

- Eg forstår dei

Ingebjørg Bjorøy les opp frå eit av dei mange breva dei har sendt til Fjell kommune, bøygd over hyttebordet med Fløsteinspollen utanfor vindauget.

— Det som forbausar meg er at kommunen ikkje har lovheimel til å umiddelbart, legg ektemannen til.

Men slik er det og slik må det vere, seier plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen i Fjell kommune.

— At dei oppleve at det tek tid forstår eg. Eg ville også ha ergra meg skakk på dette, men her er det visse prosedyrar skal følgjast. Det er vi nøydd til å ta omsyn til, for vi skal ikkje førehandsdømme folk sjølv om det kan sjå rimeleg opplagt ut, seier han.

Denne saka har ifølgje Sørensen følgt framgangsmåten kommunen no har lagt seg på, for å kome ulovleg utbygging til livs: Først skal utbyggjaren få høve til å søke om det han har bygd, så vurderer kommunen søknaden som om utbygginga ikkje har skjedd.

Alt dette for å sikre rettstryggleiken til utbyggjaren, og for å gje kommunen ei betre sak om utbyggjaren skulle pusse advokat på dei.

- Du har ingenting med det

Plan- og utbyggingssjef Sørensen avviser at utbyggjaren kan trenere saka med å sende inn ufullstendige søknader.

— Men kvar går grensa for kor trenering i denne saka?

— Den byrja vel å nærme seg. Dette er ei sak vi ser alvorleg på, seier han.

Mannen som har bygd den omstridde betongvegen opp til hytta si var svært knapp då BT prøvde å få hans versjon av saka:

— Eg svarar ikkje på noko til BT. Du har ingenting med det!

RUNE BERENTSEN